Sport
«Å toppe laget blir som å drikke for mykje alkohol, nydeleg der og då, vondt etterpå, og endå verre i lengda – då sluttar dei som ikkje har fått speletid.»
Det var enklare å vere «late bloomer» i 1983. Rune Bratseth (t.v.) blei oppdaga på ein cup for kyrkjelydar då han var 22 år gammal.
Foto: Tor Richardsen / NTB
Sport før og no
I barne- og ungdomsfotballen er det ein evig debatt om korleis ein skal utvikle gode spelarar. Rettare sagt, i teorien er vi ikkje like ueinige som i praksis.
Nyare forsking viser at tidleg utplukking og topping ikkje gjev dei beste resultata i lengda. Det er for vanskeleg å sjå i tidleg alder kven som held ut og blir best. Topping fører til at fleire sluttar, noko som igjen minskar sjansen for god utvikling av fleire spelarar.
Likevel les og erfarer vi historier om små barn som ikkje blir tekne ut til kamp og må stå på sidelinja gjennom heile kampar.
Og det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg situasjonane som alle trenarar har vore i: Kampen er jamn og kan gå begge vegar. Du veit at dersom du set innpå han som ikkje eingong veit kva stillinga er, så er sjansen stor for at måla vil ramle inn feil veg.
Taper laget, blir stemninga sur, sjølv «knottar» likar betre å vinne enn å tape. På den andre sida, dersom laget vinn, men eitt barn ikkje har fått spele i det heile teke, kan pokalen umogleg nytast med god magekjensle. Å toppe laget blir som å drikke for mykje alkohol, nydeleg der og då, vondt etterpå, og endå verre i lengda – då sluttar dei som ikkje har fått speletid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.