Adventsfuglen
Den vesle, runde dompapen er ein mangfaldig figur.
Dompapar – hannen med raudt bryst som ein raud pionblom, hoa med gråbrun fjørdrakt.
Foto: Éric Roualet
Her nord prydar dompapen julebileta, hannen med sinoberfarga bryst, hoa med langt rolegare gråbrun fjørdrakt. Når snøen har lagt seg, kan ein iblant, anten ein vandrar i byen eller går ein skitur, sjå sinoberbrystet til hannen melde seg som eit innskot i det kvite landskapet. Ved fôringsbrettet kan ein av og til sjå at det er hoer som styrer tilgangen. Dei blir omtalte som dominant i parforholdet, året igjennom.
I hekketida held dompapar seg skjult, så lågmælte og godt gøymde i det tjukke lauvverket at folk lenge trudde at dei flaug bort, lenger nord, om våren. Sjølv etter at ein hadde skjønt at dei var der, berre stille for jordbundne menneske, blei det ikkje særleg lettare å finne reira deira og å observere dei i hekkesesongen.
Lokale dompapar flest synest å opphalde seg i Noreg året rundt og viser seg gjerne i dei kalde månadene.
Det norske namnet dompap kjem frå lågtysk og viser til likskap mellom fjørdrakta til hannen og eit utbreitt plagg hjå embetsmenn i den katolske kyrkja (Dompfaffen). Sånn sett lyder nemninga pussig i Noreg, der protestantismen så raskt fann fotfeste.
Sjølv Luther skal ha gått bort frå nett den raude prakta som hadde funne vegen inn til kyrkja, i form av karmin – det raude pigmentet dei rike brukte, utvunne frå skalet til ei lita skjoldlus.
Og i landet der kong Sverre, tre hundre år før reformasjonen, talte Roma midt imot, fekk ordlyden i ordet dompap ei anna kopling, mellom dom og dum. Det er på altså på grunn av språklyden, ikkje åtferdstrekk, dompapen kan ha blitt assosiert med dumskap i daglegtale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.