¿ Anne Knutsdotter
Barndomens viseskattar:
Litt av hustufta stod der ennå som ein gapande mur, omkransa av rusket brake og lyng.
Foto: Digitalt Museum
Lytt til artikkelen:
Mange av oss har sunge om jenta som budde i ei steinrøys oppunder himmelen, og levd oss inn i korleis ho måtte ha hatt det oppe på sitt Sveltihel. Men kor i all verda var dette Sveltihel der ingen kunne tru at nokon kunne bu?
Eit av svara fekk eg uventa ein dag eg sat i lag med forfattaren Johannes Heggland i heimen hans på Tysnes og han inviterte meg på tur.
Gjennom livet har eg fått høyra at Anne Knutsdotter har levd både her og der, men aldri ante eg at Uren, Luren også kunne liggja på Tysnes, i mitt eige Sunnhordland, slik Johannes Heggland hevdar. Eg sit i heimen hans for å snakka om han som forfattar.
Då han etter ei stund spør om eg kunne ha lyst til å bli med han til Annes Uren, Luren her på øya og titta på restane som står igjen etter familien, vart eg mest som barn igjen – for tenk å få sjå dette Sveltihel, som eg etter kvart ikkje trudde noko på. Kunne det verkeleg vera sant, det han fortalde?
Ikkje lenge etter var me på veg oppetter den stupbratte lia – til ei lita jente sin barndomsheim i det blå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.