Åtti år sidan oppreisten i Warszawa
Tre presidentar, Frank-Walter Steinmeier, Yitzhak Herzog og Andrzej Duda, var til stades ved markeringa av 80-årsdagen for oppstanden i gettoen i Warszawa 19. april.
Kven har ikkje sett biletet av den vesle guten med armane i vêret, omgjeven av mor si og ein SS-soldat i hjelm med geværet heva i Warszawa-gettoen. Soldaten var Josef Blösche.
Klokka tolv 19. april kima alle kyrkjeklokkene i Warszawa, sirenene ulte, og hundrevis av menneske samla seg framfor det store minnesmerket for heltane under opprøret i gettoen i Warszawa for 80 år sidan.
Det var her oppstanden som kravde meir enn 13.000 liv, tok til. Det var òg her Willy Brandt fall på kne 7. desember 1970, i ein gest han seinare fortalde berre kom over han, spontant og uavviseleg.
Fridomen i døden
Dei innesperra jødane visste at det var berre éin utveg for dei fleste: døden. Men dei hadde ein fridom som alle menneske har i møte med lagnaden: fridomen andsynes det uvisse. Valet.
Dei hadde fridomen til anten å underkasta seg døden eller å kjempa mot han og døy på verdig vis. Jødane i dei underjordiske holromma, for det meste kloakk, valde kampen. Dei visste at neste etappe var dødsleirane Treblinka eller Majdanek. Ein av leiarane for oppstanden, Marek Edelman, sa det slik: Nazistane skulle ikkje få velja kva måte vi skulle døy på, eller kvar. Edelmann overlevde og la kvart år ei påskelilje på minnesmerket til minne om dei falne kameratane sine. Difor bar alle dei tre presidentane ei påskelilje i knappholet 19. april.
Helvete på jorda
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.