Reportasje
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene dukkar opp overalt, tett langs kaiane i byane og meir sporadisk i bygdene. Aller helst ligg stovene ved eit vatn eller ein sjø, der ein kan kjøle seg ned mellom varmeøktene. Dei blir brukte privat og til utleige og er så populære at ein og ein halv time drop-in i Oslo kan koste deg 290 kroner.
Det er ikkje fyrste gongen nordmenn er hekta på badstove. På 1980- og tidleg på 1990-talet var det heller ikkje uvanleg å ha ei lita badstove i kjellaren. Den gong hadde ikkje badstova vindauge, og ho var gjerne plassert ved den brune baren, eller ved sida av eit komplisert treningsapparat som få visste korleis fungerte. Badstova kunne sjå kvardagsleg ut, men litt stas var det likevel.
Byggesett
Nokre 1980-talsbadstoveeigarar eg fann, fortel at dei kjøpte byggesett. Det var treveggar, to benkar og omn. Settet blei sett saman ved enden av kjellarstova, og dusjen laga dei rett utanfor.
Dei fyrste åra blei badstova brukt både vinter og haust, men så dabba det av. Kvifor ritualet vart fasa ut, kan dei ikkje komme på.
Vidare gjekk det med denne badstova som med mange andre: Ho blei fylt opp med gamle vindunkar, Tupperware og syltetøysglas. Det som ein gong verka som eit freistande pustehol, blei til ein ekstra lagringsstad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.