Båtferd på Haugalandet

KARMSUND: Hjarta i Haugalandet er ei fascinerande blanding av fortid og notid, av fortidsminne og næringsutvikling, av folketalsauke og gravhaugar, av kvardag og historie.

Eit skulekorps spelar på Avaldsnes, mellom Karmsund og Nordvegen historiesenter.
Eit skulekorps spelar på Avaldsnes, mellom Karmsund og Nordvegen historiesenter.
Publisert Sist oppdatert

Kva er Haugalandet, geografisk? Og kvar kjem namnet frå? Ferda no går frå Skjold til Haugesund, ein halv time i bil, men kyst skal ein sjå frå sjøen, og då tek det ein halv dag. På Boknafjorden – der tre kommunegrenser møtest: Bokn, Karmøy og Tysvær – står Nordsjøen rakt på. I nordaust kan ein sigla heilt til Sauda i Ryfylke, i sør ligg kaia Arsvågen med ferje til Stavanger, i nordvest ligg Haugesund, og alt saman ligg i Rogaland.

Nye gamle namn

Me orienterer oss etter himmelretningar og stadnamn. Skipperen seier ikkje: Bak det høge fjellet på den næraste øya i vest ligg ei større, men lågare øy. Han seier: Bak Boknafjellet ligg Karmøy. Karm tyder vern, mot storhav, vêr og vind, og Bokn truleg merke, i sjøen, etter sjø- og landemerket Boknafjellet (293 moh.), meir enn dobbelt så høgt som høgste toppen på øydelen av Karmøy.

Stadnamn er tidskapslar som fraktar informasjon gjennom tusenåra. Slik krinslaupa, frå hovudpulsårene til kapillærane, syter for at oksygen kjem fram til kvar avkrok av kroppen, gjer stadnamna, frå Noreg til Haugskjeret på styrbord side, at heimkunnskap vert organisert og kommunisert. Forsvann alle stadnamn, fór me i blinde, og om somme forsvinn, kjem nye, gjerne gamle namn.

For hundre år sidan fekk fleire norske stadar attende namna frå før dansketida, men alt frå 1850-åra kalla mål- og folkeminnesamlaren Ivar Aasen hovudstaden opprørsk for Oslo, som i 300 år hadde hatt namn etter ein dansk konge då byen i eit demokratisk fleirtalsvedtak i 1925 fekk att det førkoloniale, førkristne namnet – samstundes som russiske byar fekk nye namn etter nye herskarar, Stalingrad og Leningrad. Som med Oslo har dei gamle namna kome att der òg.

Stundom er stadnamn så unge at me veit kven som gav staden namn. Agder vart rekna til Vestlandet før Vilhelm Krag i 1902 dikta eit nytt namn som gjorde fylket til ein landsdel, Sørlandet. Haugalandet er eit anna stadnamn så ungt at me kan finna ut kven opphavspersonen er – ein lyrikar, nett som Krag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement