Båtferd på Haugalandet

KARMSUND: Hjarta i Haugalandet er ei fascinerande blanding av fortid og notid, av fortidsminne og næringsutvikling, av folketalsauke og gravhaugar, av kvardag og historie.

Eit skulekorps spelar på Avaldsnes, mellom Karmsund og Nordvegen historiesenter.
Eit skulekorps spelar på Avaldsnes, mellom Karmsund og Nordvegen historiesenter.
Publisert Sist oppdatert

Kva er Haugalandet, geografisk? Og kvar kjem namnet frå? Ferda no går frå Skjold til Haugesund, ein halv time i bil, men kyst skal ein sjå frå sjøen, og då tek det ein halv dag. På Boknafjorden – der tre kommunegrenser møtest: Bokn, Karmøy og Tysvær – står Nordsjøen rakt på. I nordaust kan ein sigla heilt til Sauda i Ryfylke, i sør ligg kaia Arsvågen med ferje til Stavanger, i nordvest ligg Haugesund, og alt saman ligg i Rogaland.

Nye gamle namn

Me orienterer oss etter himmelretningar og stadnamn. Skipperen seier ikkje: Bak det høge fjellet på den næraste øya i vest ligg ei større, men lågare øy. Han seier: Bak Boknafjellet ligg Karmøy. Karm tyder vern, mot storhav, vêr og vind, og Bokn truleg merke, i sjøen, etter sjø- og landemerket Boknafjellet (293 moh.), meir enn dobbelt så høgt som høgste toppen på øydelen av Karmøy.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement