Historie
Bibelsk jordsmonn
Då staten Israel vart oppretta i 1948, var alle som hadde gått gjennom den norske skulen, marinert i bibelsoge. Det var difor ikkje underleg at det som hende i realpolitikken, vart lese rett inn i profetiane frå Bibelen.
Martin Tranmæl i Israel 1951, her bak rattet på ein traktor ved Moshav Norge, kibbutzen som vart reist med pengar samla inn etter den tragiske flystyrten på Hurum.Martin Tranmæl i Israel 1951, her bak rattet på ein traktor ved Moshav Norge, kibbutzen som vart reist med pengar samla inn etter den tragiske flystyrten på Hurum.
Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotekFoto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Kvar finn vi førestillinga om Jerusalem og det heilage landet på 1900-talet? Då var det korkje relikviar eller ordet aleine som var formidlinga, men bibelsoga. Ho gjennomsyra kulturen og tolkinga av røynda. Ein interessant konsekvens, kanskje paradoksal i våre auge, var at det sosialdemokratiske Noreg, med Arbeidarpartiet i spissen, vart «Israels beste venn». Eg trur at ei bibelhistorie, skriven i 1858, var ein viktig bakgrunn for det. Historia kjem eg attende til.
I november 1949 omkom 27 jødiske barn i ei tragisk flyulukke på Hurum. Etter ein barndom i konsentrasjonsleirar og krig var dei på veg til eit nytt liv i Israel. Før dei kom så langt, skulle dei fødast opp på rekonvalesens i Holmestrand. Då Fornebu mista kontakta med flyet, følgde heile nasjonen med på radio. Folk gråt, kjenslene var sterke og tusenvis var med på leiteaksjonen i fjorden og i skogen. Etter to dagar vart den einaste overlevande frå flystyrten, ein liten gut, funnen.
Nokre dagar etter ulukka lanserte Arbeiderbladet ein stor aksjon, med Haakon Lie og Martin Tranmæl i spissen. Avisa ville reise «et lykkelig samfunn et steds ute i ørkenen» til minne om offera frå ulukka. Det skulle gje husvære til nokre av flyktningane som i hundretusenvis strøymde til Det heilage landet i store skarar etter krigen. Slik ville arbeidarrørsla vere med og byggje opp «jødenes nye, gamle fedreland».
Dette engasjementet handla om to ting. Det handla om ein sosialistisk draum, slik det også vart forklart i avisa: «Disse kibbutz er de mest idealistiske samfunn De kan tenke Dem. Alle arbeider der i fellesskap for hverandre, folk lever der til de blir gamle og dør uten at de noensinne har hatt penger mellom hendene.» Begeistringa for ideen var til å ta og føle på. Og det handla om at arbeidaren gjorde ørken om til eit fruktbart land med nevekraft.
Leiaren i same avis la vekt på korleis Israel no skulle bløme. Jorda i Israel hadde vore vanskjøtta gjennom hundreår, skreiv redaktøren Olav Larssen – eller kanskje var det gamleredaktøren Martin Tranmæl. Mykje var berre ørken, der ikkje noko levande kunne gro. Men dei resultata som dei nye jordbrukskoloniane nådde, fekk ein til å tenke på «den gamle beretningen om landet som flyter av melk og honning». Vegen fram til eit fritt og trygt tilvære gjekk gjennom ørkenjord.
Arbeiderbladets leiar denne dagen gjer dei bibelske profetiane om det lova landet om til sosialistiske draumar. Det som kling bak, er bibelsoga, nett slik Larssen og Tranmæl sjølv hadde fått henne formidla på skulen. Her hadde dei – trur eg – lese Volrath Vogts bibelsoge. Gjennom folkeskulen vart boka hans den sterkaste formidlinga av førestillinga om Jerusalem og det heilage landet i den norske kulturen. Om «jødeland» kunne ein her lese: «Palestina kaldes i Bibelen ’et land som flyder med melk og honning’. Nu er det anderlædes. Landet har i Århundreder været ilde styret: store vidder ligger udyrkede, og menneskehaand ødelægger hvad Jorden villig vil yde.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.