Sport
Bikram eller ...?
Slik såg Bikram’s Yoga College of India i Los Angeles ut i 2008.
Minnaert / Wikimedia commons
Sport før og no
Fleire fekk med seg dokumentaren om yogaguruen Bikram Choudhury på Netflix i 2019. Choudhury utvikla ein type varmeyoga som han kalla opp etter seg sjølv: bikram. Det viser seg at Bikram også er ein overgripar, og over 77 kvinner har meldt han. Slik stoda er no, er det ein arrestordre på Bikram i USA, og han har reist frå store rekningar og er på flukt.
I 2006 var det 1650 bikramyogastudio i verda. Etter at sanninga om Bikram Choudhury kom fram i 2019, har mange av desse naturleg nok endra namn til hot yoga og liknande. Men berre i Noreg kan ein ennå passere skilt der det blir reklamert for bikramyoga.
Choudhury vann ikkje fram i retten då han i 2011 saksøkte eit konkurrerande yogastudio for å undervise i bikramyoga. Bikram er ikkje eit beskytta omgrep. Ein kan difor kalle denne typen yoga for noko heilt anna, om ein vil.
På nettsidene har dei store yogastadene skrive lange tekstar om kvifor dei har valt å halde fram med å kalle seg bikramstudio. Det som går igjen, er at å byte namn kan føre til utvatning og modifisering av sekvensane.
Bikramyoga består av 26 faste positurar. Timen varer i 90 minutt, salen skal vere 41 grader varm og ha ei luftfukt på 40 prosent. I hot yoga, til dømes, kan programmet vere meir variert, og difor blir ikkje dette omgrepet presist nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.