Bilete til bry

Eg har 23.836 bilete på telefonen min, men ikkje eit einaste fysisk fotoalbum.

Dingsar fulle av bilete.
Dingsar fulle av bilete.
Publisert

Du las rett, 23.836 bilete, og det er berre frå dei siste fire åra. Det vert 16 bilete kvar dag.

Når eg tek opp telefonen for å ta eit bilete, tek eg ikkje berre eitt bilete. Eg tek fem på rappen. Fyrst eit som ikkje treffer heilt på utsnitt, så eit som treffer litt betre, så eit der eg zoomar litt inn på eit objekt, så objektet frå ein annan vinkel, og eit par til på vegen attende i veska.

Hadde eg hatt eit system på det, der eg til dømes kvar kveld set av fem minutt til å sletta dei overflødige bileta, hadde eg nok klart å få det ned på eit normalt nivå, altså 1097 bilete i året, tre bilete for dagen, som er det gjennomsnittsnordmannen knipsar med telefonen.

Bileta som er eldre enn fire år, ligg på andre telefonar i skuffer rundt om i huset. Nokre er lagde inn på ein harddisk. Det hender – om ikkje så ofte, og sett at eg finn den rette overgangen – at eg koplar harddisken til datamaskina og ser på bilete frå borna mine var yngre.

Fremste teikn på ein ryddig heim er dei som gjer noko med alle bileta som hopar seg opp på telefonen: Dei lagar årlege fotobøker. Plukkar ut blinkskot og minner frå januar til desember og bestiller året samla på glatte sider mellom to permar. Ved fyrste augekast ser det ut som ei heilt ekte bok, ei slik som er skriven av ein forfattar, med bilete og bokstavar trykte på omslaget og tittel på bokryggen, men ei fotobok er eit moderne album.

Kreasjonen av ei fotobok er fyrst og fremst enkel, skal eg tru alle som vil selja meg tenesta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement