Bitcoin-eksperimentet
El Salvador er det einaste i landet i verda der kryptovalutaen bitcoin er offisiell valuta. Folk flest bruker amerikanske dollar i kvardagen, medan staten kjøper éin bitcoin kvar dag.
Organisasjonen Bitcoin Beach vart skipa med mål om å få innbyggjarar og verksemder til å bruka bitcoin som om det var «vanlege» pengar.
Foto: Morten Søberg
Bitcoin-reportasjane
Morten Søberg skriv om fenomenet bitcoin på tvers av landegrenser.
Tidlegare: Sulitjelma og Hongkong
Landsbyen El Zonte ligg rett ved Stillehavet, cirka fem mil sør for hovudstaden San Salvador. I 2019 utløyste ein anonym bitcoindonasjon (mest sannsynleg frå USA ein plass) eit sosialt og økonomisk eksperiment her. Organisasjonen Bitcoin Beach vart skipa med mål om å få innbyggjarar og verksemder til å bruka bitcoin som om det var «vanlege» pengar; eitkvart du betaler med, måler verdi i, eventuelt kjøpekraft som du sparer til seinare bruk.
På nettet les eg at El Zonte er ein liten og turistifisert landsby med nokre tusen innbyggjarar (innbyggjartalet er usikkert). Sjølv vil eg sjå dette bitcoinsamfunnet på nært hald for eiga rekning.
Eg sjekkar inn på Puro Surf Hotel ein laurdag føremiddag og betaler med kredittkort. Eg lærer at eg kunne ha gjort opp for meg med bitcoin om eg ville. Eg måtte då ha hatt ein bitcoinapp på telefonen, skanna ein QR-kode og så overført bitcoin til hotellet som om eg brukte Vipps. I alle høve kostar hotellrommet skjorta. Og alle gjestene er vestlege, for det meste mannlege surfarar frå USA på ferie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.