Kunnskap

Blodtrykk og hjarte-kar-sjukdom

Benediktinarnonner held blodtrykket nede med levemåten sin.
Benediktinarnonner held blodtrykket nede med levemåten sin.
Publisert

President Franklin D. Roosevelt døydde plutseleg og uventa av hjernebløding i april 1945. Først i ettertid forstod lækjarane at hjerneblødinga var ein konsekvens av mange år med ubehandla og svært høgt blodtrykk.

Men i 1945 meinte dei fleste spesialistane at det var tryggast å ikkje behandla det høge blodtrykket. Dette var den vanlege oppfatninga heilt fram mot 1960-talet, jamvel blant leiande hjartespesialistar. Dessutan var det vanskeleg å behandla det høge trykket den gongen, sidan dei aktuelle medikamenta hadde mange biverknader.

Kva er blodtrykk?

Dersom du har sett ei pulsårebløding, hugsar du det for livet: Spruten står høgt i takt med hjarteslaga, frisk og raud. Du innser med det same at blodet som sprutar, står under trykk. Normalt pumpar hjartemuskelen blodet jamt og trutt inn i eit nettverk av blodårer som gjev ein viss motstand. Såleis byggjer trykket seg opp og er maksimalt idet hjarta trekkjer seg saman, medan det fell litt når hjarta slappar av og tek inn blod.

Ved å kjenna på pulsen kan lækjaren få ein peikepinn om kor høgt blodtrykket er, iallfall dersom det er altfor høgt eller unormalt lågt. Meir presis blir målinga om ein held seg til standardmetoden som vart ferdig utvikla i 1905; med blodtrykksmansjett kring overarmen og stetoskop mot armpulsåra. Normale trykkverdiar hjå friske individ er 120/80, det vil seia svarande til ei væskesøyle på 120 mm kvikksølv for det høgaste trykket og 80 mm for det lågaste.

Etter kvart som blodtrykksmålingar vart vanlege utover 1900-talet, oppdaga dei som dreiv med livsforsikring, at trykket gav viktig informasjon om leveutsiktene. Høgt blodtrykk var assosiert med tidleg død. Personar med høgt blodtrykk kunne difor få avslag når dei søkte om livsforsikring. Lækjarane kjende òg til risikoen knytt til det høge blodtrykket, men meinte at det høge trykket var naudsynt for å sikra god blodforsyning til hjernen og hjarta – at det var «essensielt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement