Essay

¿ Blomster og blod i Stockholm

I 1928 kom Undset til Stockholm for å ta imot Nobelprisen. No var ho tilbake, som flyktning og i sorg, men med ein ladd skrivemaskin som våpen.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Undset har bak seg ei dramatisk flukt gjennom Noreg. Ho har vore i siktet til tyske bombefly, og det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå bra. Men no er ho trygt i Nord-Sverige.

Frå villmarka i grensetraktene blei Undset og dei andre norske flyktningane tatt hand om av svenske styresmakter og frakta til Storuman, langt inne i landet. I bussane var det ikkje berre norske flyktningar, men også finnar, som no flyktar tilbake til Finland, bort frå krigen i Noreg. I Storuman blir dei innlosjerte på eit turisthotell, «innredet med svensk smak og komfort, udmerket drevet, som de aller fleste svenske hoteller er», skriver Undset i Tilbake til fremtiden.

På grunn av brenselrasjonering fins det ikkje varmt vatn, det er det einaste. Men Undset og Stina Paasche får bore varmt vatn i bøtter inn på rommet, og dei får ei lokal frisørdame til å ordne håret deira.

I boka gir Undset eit godt bilde av den urolege stemninga i Sverige desse maidagane i 1940. Landet var under full mobilisering. Mange meinte det berre var eit spørsmål om tid før også dei blei angripne av Tyskland. Derfor var det soldatar overalt. Reservestyrkane som var i området Undset reiste gjennom, bar uniformer som likna på dei som var nytta under Karl XII, med gråblå kapper og tresnuta hattar, skriv ho. Mange av soldatane ville høyre om krigen i Noreg. Folk og styresmakter var stressa, men – med berre eitt unntak – greie og hjelpsame. Ingen av flyktningane hadde pass, pengar eller personlege dokument, men politi og tollarar laga ikkje problem.

På Stockholms centralstation blei Undset tatt imot av søstera Ragnhild og forfattarvenninna Alice Lyttkens, som Undset skulle bu hos. Den «offisielle» grunnen til at ho ikkje skulle bu hos søstera, som hadde gifta seg svensk og flytta til Stockholm alt i 1917, var at Undset kunne få sitt eige rom hos Lyttkens, sidan son deira var blitt innrullert i militæret. Ein like viktig grunn var nok at Undset ikkje klarte Ragnhilds selskap over tid og planla å bu på hotell før Lyttkens kom med sitt tilbod. I eit brev til ein katolsk pater skreiv Sigrid om Ragnhild i 1932: «Hun er entusiastisk, uttrykker seg alltid i superlativer, snakker en masse om kunst og litteratur, og skjønner seg ikke mer på det enn pus» (sitert frå Sigrun Slapgards biografi). I eit anna brev, til Gösta af Gejerstam i 1928, skriv ho på spøk at ho «innimellom kjenner den gamle ubendige lyst til å kloroformere hende».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement