Historie

Bokstavtru opprørar

Den 3. april var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Den norske profeten søkte religiøs autoritet, men presteskapet stilte seg i vegen.

Adolph Tidemand: «Haugianerne», 1852.
Adolph Tidemand: «Haugianerne», 1852.
Publisert

I dag rår det neppe noko stor usemje om at Hans Nielsen Hauge var ein viktig person i norsk historie. Karsten Alnæs har nok norske historikarar med seg når han skriv at Hauge var ein av dei viktigaste personlegdommane i norsk historie.

Francis Sejerstedt omtalar han som ein viktig føresetnad for demokratiet i Noreg. Alexander L. Kielland skreiv ein stad at Hauge truleg var den største nordmannen som har levd; ein av dei sjeldne utvitydige heltane i Kiellands romanunivers er då også Hans Nielsen Fennefos, haugianarpredikanten i Skipper Worse (1882).

Det er ikkje lett å finna fellesnemnaren for alle dei som har late seg begeistra av Hans Nielsen Hauge. Kielland såg han som ein sann kristen som gjorde opprør mot ei løgnaktig statskyrkje, ein helt som praktiserte Søren Kierkegaards strenge og martyrorienterte kristendom.

Biskop Andreas Aarflot, som sjølv stammar frå eit haugiansk miljø i Ørsta, hevdar i si doktoravhandling at Hauge stod for ein reflektert luthersk teologi og slett ikkje var den svermaren han vart skulda for å vera.

Det går linjer frå Hauges oppgjer med embetsverket, og især prestane, både til den radikale lekmannsrørsla og til den politisk radikale Thrane-rørsla. Både Kinamisjonen og arbeidarrørsla har ros å koma med.

Medan norsk kristenliv var splitta i ein streng pietistisk fløy og ein meir frilyndt grundtvigiansk fløy, vart Hauge dyrka i Danmark av det som i Noreg var motparten, nemleg Grundtvig sjølv, som reiste til Noreg og oppsøkte haugianske miljø. Han meinte Hauge vekte den norske folkeånda til live.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement