Sport
Bootylicious og sirkeltrening
Godt voksen sirkel? Eller sirkeltrening?
Anne Brown Rodgers
Det er lett å sjå føre seg marknadsavdelinga i treningssenterbransjen der dei sit og finn på forlokkande namn til treningsøktene dei tilbyr. På dagens timeplanar finn du blant anna Jympa intensiv, Bodyattack og Sh’bam.
For å ikkje snakke om Bootylicious. Kva skjer i denne timen, tru? Klart det handlar om booty, og licious kjem vel av delicious. På denne timen får du nok nydeleg rumpe.
Men på kva slags måte det skal skje, røper ikkje namnet. Utrente treningssenterauge må altså tenke seg om både éin og to gonger før dei melder seg på timar.
Fleire av namna er berre omsette til engelsk, til dømes heiter det Cycling, og ikkje noko så traust som sykling. Men også studio med timar berre på norsk kan få ein til å lure. På lokalbutikken på Jæren lokkar dei med timen «Dyp uanstrengt muskel-trening» – med bilete av folk i alle slags stillingar som, trass namnet, ser ganske anstrengde ut. Heller ikkje her er det lett å vite kva ein melder seg på, spør du meg.
Nokre av namna er òg blitt så populære av at dei er blitt beskytta omgrep. CrossFit er eit slikt. Du har ikkje lov å instruere i eller kalle timane dine CrossFit med mindre du har ei spesiell utdanning og godkjenning frå USA. Alternativt må du lage ein tvilsam versjon, som timen Cråssfi. Eller sirkeltrening, for det er jo faktisk det det er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.