Kunnskap

Brems

Reinsdyra på Filefjell har på forsommaren mange bremselarvar i huda. På avstand ser dei ut som små kuler i pelsen.
Reinsdyra på Filefjell har på forsommaren mange bremselarvar i huda. På avstand ser dei ut som små kuler i pelsen.
Publisert

Bremseflugene (Oestridae) er små, humleliknande insekt som lèt larvane sine utvikle seg inne i levande dyr. Enkelte larvar held til under skinnet til vertsdyra, andre lever i nase, svelg eller magesekk.

Infeksjonar med bremselarvar finn vi hos mange ulike dyreslag, frå elefant til mus, hos ville hjortedyr, hos reinsdyr og hos husdyr som sau og geit. Her i landet har hudbrems og nasebrems lenge vore kjende problem hos reinsdyr, men dei siste åra har også svelgbrems hos elg spreidd seg og vorte ein vanleg sjukdom over heile landet.

Trivst i opne landskap

Hudbremshoene legg egga i pelsen til reinsdyra, og larvane som klekker etter ei vekes tid, vil bore seg gjennom skinnet og legge seg til der for å vekse seg store gjennom vinteren. Hoene til nasebremsar må sprøyte levande larvar mot nasen eller munnen på dyr som er på beite. Det krev presisjonsflyging, der flugene må komme seg i posisjon rett framfor dyra og sprute larvane opp mot mulen til offeret. Reinsdyr som oppdagar desse insekta framfor seg, vil reagere med uro eller redsel, og svermar av bremsefluger kan skape panikk i dyreflokken.

Flugene til både hud- og nasebrems smittar dyra på seinsommaren, larvane utviklar seg inne i verten og kravlar mette og nøgde ut neste vår. Nasebremslarvane berre kravlar ut gjennom nasebora, hudbremsane åler seg ut gjennom det holet i skinnet der dei har halde til gjennom vinteren. Ute i det fri grev dei seg ned i bakken, forpuppar seg og klekker på seinsommaren. Dei nyklekte flugene må pare seg før dei kan produsere egg eller larvar, og dette gjer dei på faste stader i landskapet, insektsverdas sjekkestader.

For reinens hudbrems er det mest populært for ungflugene å treffast ute i opne landskap nær elvar, bekkar eller vegar, der hannane gjerne sit klare på ein solvarm stein og ventar på hoene. Nasebremsen på si side er litt meir ein DNT-type og vil helst møte andre single fluger på fjelltoppar eller åsryggar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement