Reportasje
Bulevard av knuste draumar
Noko vert borte når Hollywood er nær.
Velkommen til Hollywood. Kva er draumen din?
Foto: May Linn Clement
Det er lenge sidan 1990-talet, tenkjer eg og tørkar meg febrilsk i andletet. Eg går nedover Hollywood Boulevard, gata med dei kanskje mest kjende fortaua i verda. Sidan 1960 er over 2.500 stjerneforma terrazzofliser med namn frå underhaldningsbransjen støypte ned her, i Hollywood Walk of Fame.
Før eg skulle returnere til Noreg, ville eg til distriktet Hollywood for å oppfylla eit gamalt ynskje. Å koma hit, sjå bokstavane i fjellsida og gå over stjernene var ein fjern draum då eg vaks opp i Norheimsund.
No har eg nett blitt nosen på av ein mann som gjer nettopp det: Han går fram og tilbake med eit vilt blikk og slenger armane rundt seg i ein slags vond, nymotens floke og ropar til alle og ingen medan han nys kvart femte sekund.
Det er mange som han her: mentalt sjuke menneske som skulle fått hjelp, men som vert offer for eit sviktande system.
I Los Angeles er det over 60.000 heimlause, og dei trekkjer til sentrumsområda. På grunn av klimaet kjem folk hit frå kaldare stadar i USA for å kunne bu på gata utan å frysa i hel. Det er berre snakk om meter frå stjernene i Walk of Fame til telta og dei provisoriske bustadane i sidegatene.
Det er ikkje noko nytt at det er slik, men det bryt med biletet eg fekk presentert gjennom amerikanske filmar på 90-talet. Der var heimlause fyrst og fremst misforståtte geni med glimt i augo. Når karakteren «Happy Man» i Pretty Woman (1990) vandrar nedover denne same gata og ropar «Welcome to Hollywood! What’s your dream?» er det med ein viss sjarm.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.