Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.
Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.
Publisert

Det er ettermiddag i Strandebarm, haust, endeleg mørkt igjen om kveldane, og framfor samfunnshuset rullar ein varebil inn. Sjåføren er også kinomaskinist, bilen er full av kinoutstyr: lerret, prosjektor, høgtalarar, stativ, betalingsterminal, alt som skal til for å få ein vassekte kino opp og gå for eit par timar.

Me har ikkje hatt bygdekino i mi bygd sidan sekstitalet. Norheimsund har hatt kommunal kino sidan trettitalet, men fekk ikkje ekte amfiteater før åttitalet. Før det vart det sett opp rader av raude plaststolar der du berre måtte kryssa fingrane for at ikkje det kom ein høg person og sette seg i setet framfor deg. For min del gjorde det som oftast det.

I nabobygda Strandebarm må ein framleis strekka hals for å sjå film, og ære vera Bygdekinoen for at ein framleis kan gjera nett det.

Regelen, som har sine unntak, er at kommunen ikkje skal ha eigen kino. Strandebarm, som ligg i Kvam herad, same som nemnde Norheimsund, fungerer som unntaket i denne samanheng. Kvam er ein langstrakt kommune. Haugatun ungdomshus ligg nesten 30 km unna, ein halvtimes køyretur frå Ungdomshallen, som husar Kvam kino.

«Er det fire vegger og nok plass, kan vi vise film», sa Arnfinn Inderhaug, kinosjef i Bygdekinoen, i boka som feira 50 år med veggar, plass og film. Norsk Bygdekino oppstod på same tid som Rikskonsertane, Riksteatret og Riksgalleriet, i Etterkrigs-Noreg. I 1948 vart selskapet oppretta av Stortinget, med det overordna målet å visa film til folk busette i bygdene og ved kysten. Fulle hus frå Steinkjer til Alta kom og såg mellom anna Hitchcock-filmen Rebecca (1940) og Arne Skouens Gategutter (1949).

I dag er Bygdekinoen driven av Film & Kino, og rekordåret 1961 med 1,7 millionar besøkande må ein kanskje sjå langt etter, all den tid ulike filmteknologiske revolusjonar har innteke heimane, ein etter ein. Den gong var det tilsett over 700 maskinistar, i 2000 var det 25, og i dag er talet 14.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement