Reportasje

Cuplivet

Fotballcupsommar 2022 – ikkje tida for å henga med leppa.

Publisert Sist oppdatert

Posisjon! Po-si-sjooon!

Eg ser meg sjølv utanfrå, her eg står i ei raud regnkåpe langs sidelinja på bane 11 med ein halvmeter mellom føtene, knekk i knea, framoverlent og hyttande med nevane, som om eg kan fjernstyra dei sju tiåringane som spring rundt på bana framføre meg.

Kva skjedde?

Eg, som ikkje kan skilja regelen om offside frå innkast og heller ser måling turka enn fotball på fjernsyn, skulle eigentleg vore i Bergen no. Eg hadde billett til Lazarus, David Bowie-musikalen. Fremste rekkje på Den Nationale Scene er bytt ut med å stå fremst på sidelina. I staden for å syngja «Is there Life on Mars?» nynnar eg på mi eiga omsetjing, «Er det liv på Voss?».

Og det er liv på Voss, for det er Voss Cup. 7000 born mellom seks og tolv år skal spela 1344 kampar på 36 banar, og eg kjenner eg er vorten smitta av entusiasmen dei andre foreldra ber på. Ikkje berre her, men alt i fleire veker heime i Austevoll har eg høyrt vaksne folk seia om cupen: «Dette vert så kjekt!» og «Dette har me venta på i tre år!»

Eg undrar: Tek dei på seg ei overpositiv maske for dette opplegget, eller er det ektefølt? Eg skjønner at borna gler seg, men kva er det eigentleg dei vaksne gler seg til?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement