Essay
¿ Då Dovre fall
Same kor Sigrid Undset kom under flukta nordover: Det var vår, nydeleg vêr, storslåtte landskap og tyske bombefly som sette norske bygder i brann.
Lytt til artikkelen:
Det er ettermiddag laurdag 20. april 1940. Sigrid Undset tar på seg hatten og skinnkåpa, opnar døra til Bjerkebæk og går ut i ein norsk «militærbil». Dei siste timane har ho i all hast brent brev og dokument tyskarane ikkje må få tak i. Berre halvanna veke tidlegare trudde knapt nokon i Noreg at krigen ville kome til landet. På Lillehammer hadde folk, også Undset, vore overtydde om at han i alle fall ikkje kom heilt dit. No er alt begge sønene til Undset i krigen. Engelskmennene har gitt opp stillingane nord for Lillehammer, og tyske soldatar kan når som helst okkupere byen. Norske styresmakter skjøner det kanskje litt seint. Den verdskjente forfattaren må straks evakuerast nordover.
Det blei eit kjapt og usentimentalt farvel med Bjerkebæk, den staselege tømmervillaen som hadde vore Undsets heim i over tjue år. Her hadde ho fostra barna sine og fått ro til å skrive romanane som gjorde henne rik og verdskjend. Ein god del av pengane hadde ho brukt på kunst, kunsthandverk og tradisjonsmøblar av høg kvalitet. Som ho skreiv til venninna Nini Roll Anker i 1924: «Det nye huset er blitt så vakkert, at du kan ikke tro det før du har sett det. Stuen og kleven er sånn at jeg kan absolut ikke få det mer præcis efter min smag.»
Det mest verdifulle i heimen var boksamlinga. I likskap med foreldra hadde ho mest heile livet vore lidenskapleg opptatt av bøker. Biblioteket var proppfullt av svært sjeldne og kostbare band, mange systematisk samla innan fagfelt som norrøn litteratur, teologi, folkloristikk, naturvitskap og arkeologi. Blant banda var sjølvsagt doktoravhandlinga til faren Ingvald på tysk og norsk: «Jernalderens begynnelse i Nord-Europa».
Også gamle, verdifulle reiseskildringar stod på rekkje og rad i bokhyllene. Undset skulle no ut på ei tvungen reise med hundre kroner i lomma, lånte av hushalderska Mathea, fordi bankane var stengde og Undset hadde gitt bort kontantane ho hadde heime. I ein handkoffert hadde ho pakka nokre toalettsaker og slikt som er mest naudsynt for ei kort reise.
Reisa Undset skulle ut på, var fleire tusen mil lang, men det visste ho ingenting om då ho gjekk ut døra på Bjerkebæk. Ho visste heller ikkje om ho nokon gong fekk sjå heimen sin att. Hagen med dei mange hundre plantene ho stelte med? Biblioteket? Hundane? Sønene? Framtida såg ikkje lys ut, ho var meir som ein trugande mørk sekk av uvisse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.