Dag og Tid-stølen

Det starta ikkje etter planen. Dei to grisungane hadde ikkje respekt for straumgjerdet og sprang rett gjennom og ut i det fri.

Middagslur i hytta, etter aktiv beiting og roting i jorda frå morgonen av. Hytta var alltid rein og fin. Griser gjer ikkje frå seg inne.
Middagslur i hytta, etter aktiv beiting og roting i jorda frå morgonen av. Hytta var alltid rein og fin. Griser gjer ikkje frå seg inne.
Publisert

Det er sein ettermiddag i juni, og vi har henta grisungane på garden Selheim. Dei er sju veker gamle og veg 16–17 kg. Dei var 1,5 kg då dei vart fødde i slutten av mai. Dei er enno små, men har gått ute med mora frå dei var nokre dagar gamle og er robuste nok til å klara seg på stølen.

Vi bar dei bort til grisehytta og inn i innhegninga med straumgjerdet, slik vi har gjort kvart år. Etter nokre dagar veit dei kor dei høyrer heime, kor soveplassen er og kor dei kan finna ein slump kraftfôr, og ikkje minst få myse etter ystinga. Når dei er kjende med den nye plassen, slepper vi dei fri og lèt dei gå og beita der dei vil. Er det fint og varmt vêr, kviler dei om dagen der dei finn det for godt. Men kvar kveld går dei tilbake til hytta for natta. Men no stakk dei altså av med det same utan å vita noko som helst om korkje mysa, grisehytta eller kor dei høyrer heime. Og prøv å få tak i to grisungar på frifot som ikkje kjenner deg. Det er ikkje lett. Vi dreiv på i over to timar.

Fyrst prøvde vi den vonlause måten. Lista oss roleg mot dei, for så raskt å kasta oss fram og prøva å få tak i ein fot. Men vi taper gong etter gong. Grisungar er kjappe og kjem seg lett unna.

Deretter prøvde vi den venlege måten, ved å lokka dei til oss med kraftfôr. Men det har ingenting for seg. Du lokkar ikkje ein grisunge med slikt når dei ikkje kjenner deg og akkurat har oppdaga eit uendeleg stort område som er fullt av røter og godsaker, som er mykje meir spanande enn keisamt kraftfôr.

Så prøvde vi å møta dei roleg mot hytta og hegna. Vi var tre, så i teorien kunne det gått. Men i ope og ulendt landskap, med einebusker og bjørker innimellom, slit du. Dei gjer nett som dei vil, og leikar i praksis med deg.

Vi roa oss, sette oss ned og såg på dei. Dei gjekk ikkje så langt frå oss. Dei kunne jo ha stukke til fjells, men er aldri meir enn 50 meter unna. Dei er jo vane med folk på heimegarden, så vi gjev dei tydelegvis ein slags tryggleik sjølv om vi er ukjende for dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement