Kunnskap

Dauden er eit grunnleggjande premiss for evolusjon og utvikling.

Gravferdsagentar kan vere vakre og grasiøse: Her ser vi ei spyfluge med larve, teikna av Amedeo John Engel Terzi.
Gravferdsagentar kan vere vakre og grasiøse: Her ser vi ei spyfluge med larve, teikna av Amedeo John Engel Terzi.
Publisert Sist oppdatert

Mange trur at åtseletarar, som gribbar, hyenar og spyfluger, er utrivelege og ureinslege skapningar.

Dette perspektivet blir snudd på hovudet i boka Det evige liv med undertittelen Hvordan dyrene dør av den amerikanske biologen Bernd Heinrich (omsett til norsk av Christian Heyerdahl). Her får vi ei detaljert skildring av korleis livet på jorda avheng av at alt organisk materiale, som avføring, daude dyr og planter, blir brote ned og resirkulert.

Jobben med å fjerne og resirkulere daudt organisk materiale blir gjord av organismar som har spesialisert seg på dette livsviktige oppryddingsarbeidet, rovdyr, åtseletarar, insekt, sopp og bakteriar. Heinrich kallar dei gravferdsagentar og minner oss på at utan deira innsats ville livet sjølv bråstoppe. Når vi snakkar om rovdyr og åtseletarar, er det forresten ei tilfeldig og lite presis kategorisering. Det vi kallar åtseletarar, kan godt angripe levande dyr, og mange rovdyr tek gjerne ein godt mørna middag dersom dei kan spare energien og risikoen ved å gå på jakt.

Heinrich skriv levande, personleg og med solid fagleg detaljrikdom om dauden og kva han betyr for livet i naturen. Alle byggjesteinar må gjenbrukast, jorda må fornyast, og dauden er ein grunnleggjande premiss for evolusjon og utvikling.

Daude tre er viktige tilhaldsstader for insekt og fuglar, og utan daude tre med mjuk ved som kan holast ut til reirbygging, ville det vore tøft å vere på jobb som hakkespett.

Dei store vandringane av stillehavslaks i elvane på vestkysten av Nord-Amerika er eit kjent fenomen, der rovdyr og fuglar fråtsar i mat, medan massedaude av laks etter gytinga er med på å gjødsle elvane, slik at dei kan halde fram med å vere gode oppvekststader for nye generasjonar med lakseyngel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement