Kunnskap
Dauden i utmarka
Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.
Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Våren er ei hektisk tid på alle sauegardar, men endeleg kjem sommaren med lyse netter og ferietid. Å sleppe dyra på beite kan kjennast som ei lise etter veker med fôring, lamming og breking døgeret rundt.
Sauar har òg krav på sommarferie, med frislepp frå fjøset og minst 16 veker på beite utandørs i frisk norsk natur. Men naturen er ikkje berre idyll. I 2023 blei det sleppt 1,8 millionar sau og lam på utmarksbeite, av dei var det over 100.000 dyr som aldri kom att til garden.
Det er gjort mange studiar av kvifor dyr blir borte på beite, men det har vore for få av dei daude dyra som vert funne, eller dei vert funne for seint til at det er mogleg å kunne seie noko sikkert om kva dei døydde av. I 2023 vart det betalt rovdyrerstatning for litt over 17 prosent av dei forsvunne dyra, resten blir rekna som tapt på grunn av sjukdom eller ulukker, noko som skjer utan dei store medieoppslaga.
I randsona
Vi veit at rovdyrangrep med store tap og alvorlege dyretragediar råkar sauebønder over heile landet. Rapportar frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) viser at tapstal og årsaker varierer stort frå område til område. Medan jerv og gaupe tek dei fleste dyra, er det ofte ulv og bjørn som vekkjer mest frykt og får dei største medieoppslaga, som i Hattfjelldal i Nordland, der gardbrukarane meiner ein bjørn drap fleire hundre dyr berre i fjor sommar.
Inne i forvaltningsområda for rovdyr på Austlandet har folk enten lagt ned sauehaldet, sendt sauane bort eller gjerda inn beita. No blir færre sau drepne inne i rovdyrsonene, men rovdyra kan vandre over store avstandar. Mykje av skadane på grunn av ulv og bjørn skjer i dag i det som blir kalla randsona, det vil seie inntil tre mil utanfor grensa til forvaltningsområda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.