Sport
Dei som var imot trening
«Gje ungdommen ei flaska brennevin før idretten tar de», lærte Per Inge Torkelsen oss. Kvil i fred.
Foto: Jon Eeg / NTB
«Ka faen holde du på med?» Det var det han skreik etter oss når me jogga forbi huset hans. Problemet var ikkje at me trakka på privat eigedom, heller ikkje at han ville ha fred. Mannen likte berre ikkje at folk jogga. Han hata trening – det var idioti.
Her må det presiserast kva ein idrettshatar er. Eg snakkar ikkje her om dei som ikkje likar trening fordi dei sjølv berre har dårleg samvit. Alle veit kor irriterande det er når venninna di kjem rennande på dør, nydusja og skamblid, etter ei god treningsøkt, mens du sjølv akkurat har spretta ostepopen.
Nei, ein ekte idrettshatar er ein som faktisk er imot trening og ikkje har noko ønske om å trene sjølv. Han meiner trening er unaturleg og misbruk av liv.
No er den nemnde treningshataren død, og det gjeld også den andre meir kjende idrettshataren frå Stavanger, Per Inge Torkelsen.
Då eg skulle skrive master, ville eg gjerne intervjue treningshatarane: Kva det er som driv dei? Det fekk eg ikkje lov til. Rettleiaren meinte dei ikkje fanst: «Ingen er vel mot trening?» sa ho, på austlandsk.
Litt rett kan ho ha hatt i det, for det er blitt færre av dei som aldri tek av seg den stramme svart jeansen same kor varmt det er, eller gjer eit nummer av at dei ikkje eig ei joggebukse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.