Essay
Dei strauk langs vegane
Hallvard T. Bjørgum fortel om tatersongarane Hulda og Johannes Johansen og Elias Akselsen.
Det var ein døsig laurdagsettermiddag. Sola stod lågt på himmelen, for det bar mot kveld her i sommarens Setesdal i 1961. Romanen gjev ramme for denne forteljinga. Og romani, kallar dei seg, somme av menneska denne forteljinga skal krinse om. Det var varmt og klamt. Far var ikkje ute og spela denne helga, men han sat heller ikkje med «sylvbordet» i den vesle stova, slik han kunne gjort om ikkje varmen var så sterk. Me hadde ingen markiser. Slik føremon tilkom berre samyrkelaget tett attved.
Sylvsmedyrket hadde han livnært seg på i fleire år i arbeid for verfar og verbror i same huset, men no hadde han slite seg laus frå dei økonomiske banda med det. Han var herre i eige hus, men det var verfar og vermor som hadde kosta nettopp det huset, på tomta han hadde fått kjøpt av syskenbarnet sitt her.
Me var fire huslydar i same vesle krinsen her på Rysstad i øvre delen av Setesdal, alle i nær slekt. Gamle bestemor mi levde enno i same huset som eg høyrde til. Ho var pietist. Ikkje kunne ho fordra urett og synd, like lite som det forførande felespelet versonen dreiv med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.