Kunnskap

Demens

Ny forsking tyder på at musikarar, som desse i Rolling Stones, ofte har betre kognitiv funksjon og sjeldnare kognitiv svikt enn ikkje-musikarar.
Ny forsking tyder på at musikarar, som desse i Rolling Stones, ofte har betre kognitiv funksjon og sjeldnare kognitiv svikt enn ikkje-musikarar.
Publisert

«Demens, det er skrekken», sa Drillo då han nyleg runda 80 og fekk spørsmål om alder og død i eit intervju. Han har eit poeng: Demens kan vera skremmande. Den som er råka, døyr langsamt to gonger, blir det sagt: først i sinn, så i skinn.

Men både Drillo og me andre bør kunna nyansera biletet av demens. For ein 75-åring som får diagnosen, vil det seia at forventa levetid går ned, frå tolv år til seks år. Dei fleste kan bu heime utan hjelp dei første åra etter diagnosen. Og dagane kan fyllast med liv dersom me legg til rette for det.

Kanskje det også kan vera noko å læra av dei som er råka av demens – om å leva i augneblinken når fortida blir meir og meir utydeleg, og når planlegging ikkje lenger er på dagsordenen? Det viktigaste ljospunktet i demensbiletet er likevel at nær helvta av tilfella kan førebyggjast. Men då må me starta tidleg i livet, alt i grunnskulen.

Min amerikanske svigerfar var 78 då demensen kom snikande for ni år sidan. Han som alltid hadde vore språkinteressert, talefør og skrivande, opplevde at orda ikkje lenger var der, og at han køyrde seg fast i språket. «I am stuck», utbraut han resignert. Daglegdagse gjeremål, som å bruka den nye mobilen, var blitt vanskelege. Han etterlyste tablettar som kunne stogga den negative utviklinga. Men slike fanst ikkje den gongen og finst heller ikkje i dag. I året 2018 vart han ein av dei 2905 som døydde av demens her i landet.

Det er ikkje demens om du må leita litt etter namn og ord, fortel den same vitsen heile tida eller ikkje finn brillene dine. Men når du surrar for mykje med pinkodane og alle passorda dine, får hakk i plata og tek oppatt fleire gonger det du nett har sagt, eller ikkje finn vegen heim – og det buttar i dagleglivet – då er det fare på ferde.

Alzheimers sjukdom er den vanlegaste forma for demens: ein hjernesjukdom som oftast utviklar seg med langsam forverring over fleire år. Det heile tek til med proteinavleiringar i hjernevevet, truleg gjennom eit par tiår, før dei kjende symptoma melder seg, og minnefunksjonane blir forstyrra. Medikamentell behandling har minimal effekt på sjukdomsutviklinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement