Reportasje
Den kverrsette høgtalaren
DOHA: Då dei konfiskerte den berbare høgtalaren, skjøna eg at Qatar ikkje berre er eit muslimsk land, men salafistisk òg.
Dei lange korridorane i den nye metroen i Doha er utan bilete, reklame og musikk. Ro og stille rår.
Alle foto: Håvard Rem
Ein berbar høgtalar har eg hatt med meg til muslimske land som Pakistan, Syria, Malaysia, Indonesia – og Dubai, berre 60 mil frå Doha, på den same arabiske halvøya. Men her i Qatar vart han kverrsett. Kvifor?
Av di landet er salafistisk og difor dyrkar fromskap og stille. Av dei kring femti landa i verda der muslimar er i fleirtal, er salafisme statsreligion i berre to, Saudi-Arabia og Qatar.
Kva vil det seia at salafisme, ikkje berre sunniislam, er statsreligion? Med ei haltande samanlikning vert det som om norsk statsreligion på Eidsvoll i 1814 ikkje vart skriven inn i Grunnloven som evangelisk lutherdom, men haugianisme. Slik ein haugianar er ein særskilt from lutheranar, er ein salafist ein særskilt from sunnimuslim.
Somme av eidsvollsmennene var faktisk haugianarar. Men eineveldet og emiren i København stogga rørsla og fengsla leiaren. Forsamlings- og organisasjonsforbodet vart handheva om lag like strengt i Noreg den gongen som i Qatar i dag.
I lufthamna
No vil eg fortelja om korleis innreisa til Qatar gjorde meg kjend med dei særeigne reglane i landet – særs strenge i utgangspunktet, mindre strenge i åra etter at den unge emiren kom til makta i 2013.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.