Sport
Den kvite nakkekragen
Eg spurde ein fysioterapeut og to kor dei trudde kragen blei av. Svaret var at kragen var ut.
Normal fysisk aktivitet, i staden for kvile, er svaret på mange helseproblem, også nakkesleng.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Eg hugsar at eg faktisk syntest dei såg litt kule ut. Dei kvite, stive kragane folk gjekk rundt med på 1990-talet etter diverse nakkeskadar. Idrettsskadar og bilkrasj var vanlege årsaker til å måtte bere kragen.
Nokre gonger var det ikkje eingong snakk om direkte skadar, kanskje hadde ein berre litt vondt i nakken og det kjendest som ein god idé å stive nakken av. Var ein heldig, slapp ein også å besøke legen, det var berre å låne kragen til naboen.
No blir kragen stort sett berre vist på film. Enten er det dårleg research eller eit symbol på ein slags sjukeleg person.
Eg spurde ein fysioterapeut og to kor dei trudde kragen blei av. Svaret var at kragen var ut. Whiplash eller nakkesleng kan skje når hovudet plutseleg blir kasta fram og tilbake, ligament og musklar blir altså strekte meir enn dei pleier. Viss ein så tek på seg ein krage og stivar av det skada området, vil musklane berre bli svakare, og smertene vil auka. Det er det same med dei stive magebelta som også vart brukte før for å avlaste ryggen.
Ei undersøking skildra på Helsenorge.no viste at dei som tok fri frå arbeid og gjekk med krage i to veker, hadde større sjanse for vedvarande smerter enn dei som kom raskt tilbake i vanleg aktivitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.