Den maktes-lause valden
Hannah Arendt tvingar oss til å tenkje gjennom politiske grunnomgrep.
Den amerikanske politiske filosofen Hannah Arendt fotografert i 1969.
Foto: AP Photo / NTB scanpix
Tenk på historia: Budapest 1956, folk i gatene driv kommunistane ut, dei må bli berga av sovjetiske tanks. Eg hugsar sjølv korleis AVO-folk (det hemmelege politiet) fall skotne som leirduer frå hovudkvarteret. Eg så det i filmavisa. Det same skjedde 17. juni 1953 i Aust-Berlin: streikande arbeidarar i gatene i ferd med å undergrava den tyske arbeidar- og bondestaten DDR med stein. Bertolt Brecht meinte då at det var på tide å skifta ut folket.
Trekk soga fram mot vår eiga tid. Tenk på Tahrir-plassen i Kairo for nokre år sidan. Stappfullt med folk, militære i bakgrunnen. Makt i massane; Mubarak fall, men eit militærstyre kom att. Tenk på Praha i 1968, der Sovjet måtte trekke tilbake troppar etter at dei vart overtydde av sivilbefolkninga om at dei var komne på feil plass. Eller tenk på demonstrasjonane på Tiananmen-plassen i Beijing i 1989, som førte til massakrar vi enno ikkje veit omfanget av.
VÅREN I TUNIS
Kan hende mest interessant når vi studerer tilhøvet makt/masse er starten på den arabiske våren i Tunis. Der lukkast det fagforeiningssambandet, arbeidsgjevarsambandet, menneskerettsligaen og advokatsambandet å leggja grunnen til ein ny orden etter å ha fått kasta ut den autoritære herskaren Ben Ali. Dei fekk Nobelprisen i 2015. Kvifor nett der? Kva er felles og kva er ulikt i desse aksjonane?
Før me gjev ein peikepinn om eit svar, lat oss sjå litt på bakgrunnen for den tysk-amerikanske tenkjaren Hannah Arendts refleksjonar om temaet.
Hannah Arendt (1906–75) var alltid av den meininga at politisk teoretisering måtte festast i konkret røynsle. Essayet ho skreiv om vald, er difor fullt av referansar til den politiske debatten på 1970-talet. (Dette er ei nyutgjeving, i ny omsetjing og med nytt føreord). Arendts generasjon såg politikk som ein kamp mot totalitært tyranni og krig, ikkje som ein søken etter fellesløysingar. Politikk for dei var makt sterkt knytt til vald, anten konkret eller som trugsmål. Vald var høgste form for makt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.