Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Den maktes- lause valden

Hannah Arendt tvingar oss til å tenkje gjennom politiske grunnomgrep.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den amerikanske politiske filosofen Hannah Arendt fotografert i 1969.

Foto: AP Photo / NTB scanpix

5196
20170519
5196
20170519

ESSAY

Hannah Arendt:

Makt og vold. Tre essay.

Omsett av Lene Auestad
Føreord av Helgard Mahrdt
Cappelens Upopulære Skrifter

Tenk på historia: Budapest 1956, folk i gatene driv kommunistane ut, dei må bli berga av sovjetiske tanks. Eg hugsar sjølv korleis AVO-folk (det hemmelege politiet) fall skotne som leirduer frå hovudkvarteret. Eg så det i filmavisa. Det same skjedde 17. juni 1953 i Aust-Berlin: streikande arbeidarar i gatene i ferd med å undergrava den tyske arbeidar- og bondestaten DDR med stein. Bertolt Brecht meinte då at det var på tide å skifta ut folket.

Trekk soga fram mot vår eiga tid. Tenk på Tahrir-plassen i Kairo for nokre år sidan. Stappfullt med folk, militære i bakgrunnen. Makt i massane; Mubarak fall, men eit militærstyre kom att. Tenk på Praha i 1968, der Sovjet måtte trekke tilbake troppar etter at dei vart overtydde av sivilbefolkninga om at dei var komne på feil plass. Eller tenk på demonstrasjonane på Tiananmen-plassen i Beijing i 1989, som førte til massakrar vi enno ikkje veit omfanget av.

VÅREN I TUNIS

Kan hende mest interessant når vi studerer tilhøvet makt/masse er starten på den arabiske våren i Tunis. Der lukkast det fagforeiningssambandet, arbeidsgjevarsambandet, menneskerettsligaen og advokatsambandet å leggja grunnen til ein ny orden etter å ha fått kasta ut den autoritære herskaren Ben Ali. Dei fekk Nobelprisen i 2015. Kvifor nett der? Kva er felles og kva er ulikt i desse aksjonane?

Før me gjev ein peikepinn om eit svar, lat oss sjå litt på bakgrunnen for den tysk-amerikanske tenkjaren Hannah Arendts refleksjonar om temaet.

Hannah Arendt (1906–75) var alltid av den meininga at politisk teoretisering måtte festast i konkret røynsle. Essayet ho skreiv om vald, er difor fullt av referansar til den politiske debatten på 1970-talet. (Dette er ei nyutgjeving, i ny omsetjing og med nytt føreord). Arendts generasjon såg politikk som ein kamp mot totalitært tyranni og krig, ikkje som ein søken etter fellesløysingar. Politikk for dei var makt sterkt knytt til vald, anten konkret eller som trugsmål. Vald var høgste form for makt.

Dei som kom etter, levde i skuggen av atomvåpena og gjorde opprør mot ei verd av tekniske framsteg som dei såg som eit trugsmål mot livet. USA på 1970-talet var om mogleg endå meir kløyvd enn det er i dag, med djupe kulturkrigar kring levesett (homofili, blomsterborn, feminisme, Woodstock), politiske konfliktar kring rase (Black Panthers) og motstand mot Vietnamkrigen. Det var desse konfliktane og ikkje minst borgarrettsrørsla som fekk Arendt til å tenkja nærare rundt kva makt er og kva tilhøve som finst mellom makt og vald.

ÅTFERDSENDRING

Den vanlegaste synet på makt i samfunnsvitskapane er å sjå makt som ein relasjon: A får B til å gjera noko han/ho ikkje vil, eller ikkje ville gjort. Eit makttilhøve fører til åtferdsendring, men ikkje preferanseendring (Du, B, vil jo framleis noko anna enn kva A vil).

Her kjem Arendt inn. Ho såg at makt kan veksa ut av eit geværløp, som Mao sa det. Men er ikkje makt like mykje noko som spontant kan oppstå når menneska handlar saman?

Lat oss venda attende til døma: Eit døme på massar som utvikla seg til revolusjon, kom i Ungarn i 1956. I Berlin i 1953 vart den same impulsen stogga av tanks. I same byen ser vi seinare, i 1989, ei anna hendingsrekke. Der kunne ikkje valden gjera noko som helst. Hadde massane vore skotne på – hær og politi stod i sidegatene – ville mange ha vortne drepne, men oppstanden kunne ikkje stansast.

I Kairo synte fyrst massane makt ved å kasta president Mubarak, men i siste instans var det dei militære – og valden – som vann. Det fanst ikkje ferdige institusjonar – rettsapparat, parti, legitim statsmakt – som kunne fanga opp protesten.

Det var det same i Praha i 1968 og Beijing i 1989: Mot totalitær militærvald kan ikkje massar stilla opp. I Tunis var det motsett: Der var folkemassane samde og sterke, og valden hadde ikkje ein sjanse.

NÅR VINN MAKTA?

Arendts distinksjonar må presiserast, skal dei gje meining. Om vald eller makt i massar skal gjera utslaget, avheng av regimeforma. I diktatur vil massane nesten alltid bli slegne ned. (Unntaket er det svekte DDR i 1989). I demokrati kan nesten alt skje.

I USA i 70-åra var valdsretorikken til dei svarte panterane eit teikn på veikskap. Valden kom på grunn av mangel på oppslutnad frå folk. Borgarrettsrørsla, derimot, kunne ikkje stoggast fordi ho hadde så brei tilslutnad, og dessutan var ho ikkje-valdeleg.

I Beijing var det annleis. Der var det inga presse som kunne registrere myrderia, og studentane tapte. Regimeforma vart avgjerande.

Å lesa Arendts subtile distinksjonar er ikkje å lesa ein teoretikar – eller ikkje berre ein teoretikar. Arendt var særs aktiv som opinionsdannar – frisk, ukonvensjonell og kontroversiell. (Ho stilte seg til dømes kritisk til deler av dei svartes frigjeringskamp).

Men som alltid med Arendt: Ho gjev oss stadig nye innsikter, og tvingar oss til å tenkja gjennom politisk grunnomgrep.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i sosiologi og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I diktatur vil massane nesten alltid bli slegne ned.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis