Den siste viking

Vil du ha små holmar, bratte fjell, stort utsyn og lange dagar? Då kan du pakke kajakken og dra på padletur i Lofoten.

Sumarens mediedekning om turistflaumen i Lofoten verkar noko overdriven – om du legg ut på eigen kjøl.
Sumarens mediedekning om turistflaumen i Lofoten verkar noko overdriven – om du legg ut på eigen kjøl.
Publisert

Han hadde sans for dramaturgi, han oldefar min. Det skal han ha.

Odd Nordstoga vender blikket oppover dei bratte, mørke fjellsidene i Trollfjorden. Men før Odd får fortalt meir om Johan Bojer, blir me avbrotne av hurtigruteskipet «Polarlys» som kjem bak oss – svært og veldig – med passasjerar stabla opp langs rekka. På høgtalaranlegget kan me høyre reiseleiaren fortelje, på fleire språk, om hendingane som fann stad her for 127 år sidan. Og plutseleg blir fjordens smule farvatn ei kokande gryte frå kjølvatnet til alle RIB-ane og turistbåtane som dukkar opp samstundes som sørgåande hurtigrute tek sin daglege avstikkar til denne vidkjente fjordtarmen.

Når spetakkelet er over, og me fire kajakkpadlarane igjen ligg einsame på fjorden, held Odd fram:

– Jau, han Bojer, altså, skreiv boka Den siste viking, kor han fortel om slaget her i Trollfjorden i 1890. Fire dampskip og to mindre båtar hadde stengt denne tronge fjorden med ei not. På innsida stod det enorme mengder torsk og stanga mot nettet. På utsida samla det seg store mengder fiskarar som òg kravde tilgang til fisken: «Et hyl av tusen stemmer reiste seg. Never trua, rasende ansikter stakk fram av hundrevis av båter», Odd har lese langgoffaen sin: «Slepp oss inn i fjorden, eller djevelen han anname, slår vi Dokker i hel.»

Men dei kapitalsterke dampbåteigarane hadde ingen planar om å la småbåtane ta del i rikdomen: «Den som først kommer til kverna, han maler. Søk heim til torvmyra Dokkers – det her er vårt.» Hånlatteren steig hjå tradisjonsfiskarane, ifylgje Bojer: «’Dokkers! Er fjorden Dokkers! Og fisken i sjøen er den Dokkers! Ha, ha, ha!’ Da lød en kjent røst langt bak i båtstimen: ‘Gå på, kara! Fan ta dem! Gå på, guta!’»

Modernisering av kystfisket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement