Dyr
Den sure svien
I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?
Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk. I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).
Foto: Mattilsynet
Massedaude av laks er eit veksande problem i norsk oppdrettsnæring, heile 62,7 millionar fisk døydde i merdane i 2023, og det har vore skrive mykje om korleis fisken slit med lusebehandlingar, sårbakteriar og gjelleskadar. Men i fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?
Dei manetene som er til plage for fisken, er ei blanda gruppe av enkle, radiærsymmetriske og gelatinaktige nesledyr, i nær slekt med korallar og sjøanemonar. Kroppen inneheld 95 prosent vatn, og dei lever eit tilsynelatande bedageleg, pelagisk liv i havstraumane, men er samstundes aktive rovdyr som jaktar på plankton, krepsdyr og småfisk.
For å kunne fange mat og til forsvar mot predatorar er manetene, som andre nesledyr, utrusta med omdanna sanseceller (nesleceller) som ved kontakt løyser ut ein hòl og harpunliknande tråd, ofte med mothakar. Gjennom desse trådane blir etsande neslegift sprøyta inn i offera.
Ingen gøymestader
Fisk blir lett skada av neslecellene til manetene fordi den ytste huda til fisken er levande og ikkje verna av eit daudt, ytre hornlag som hos menneske. Auga til fisken er heller ikkje verna av noko augnelokk. Når fisken sym, et og pustar i vatn med etsande maneter, kan gifta føre til sårskadar, gjere fisken blind, irritere tarmen og skade gjellene, slik at fisken får andenaud.
Smertene kan også føre til stress eller til rein panikk. I eit naturleg miljø har fisken rom nok til å rømme unna ei slik sviande plage, men innestengde i ein merd er oppdrettsfisken eit lett offer for manetangrep.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.