God pinse, gode lesar, helga og høgtida nærmar seg, men kva handlar ho eigenleg om – sett bort frå ei gåtefull hending som ligg to tusen år og fem tusen kilometer borte i tid og rom?
Slik joleevangeliet vert fortalt i Lukas, kapittel 2, vert pinsehendinga fortald i Apostelgjerningane, kapittel 2: «Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.» Læresveinane til Jesus tok imot Heilaganden og tala i tunger i Jerusalem, men kva vil det seia? Pinsa vert kalla «den ukjende høgtida» av di folk veit mindre om henne enn om jol og påske.
Kan ikkje gamle høgtider få gå i gløymeboka i fred, i lag med primstaven? Jau, men eg vert forviten. Kva er pinse? Kvifor har me fri måndag? Det har ikkje svenskane. I 2005 gjorde dei andre pinsedag til kvardag, i byte mot ein ny fridag 6. juni, nasjonaldagen. Og for 250 år sidan, før festdagsreduksjonen i 1771–72, var ikkje berre fyrste pinsedag heilagdag, men andre og tredje pinsedag òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.