Der ni av ti er framande
DOHA: Mange dreg til Qatar. Før Talibans utanriksminister drog til Noreg, møtte han Kina, sjølvsagt i Doha – i same fly frå Kabul sat òg Taliban-kritikarar på flukt frå Afghanistan. Kvifor kjem så mange mektige og avmektige, rike og fattige hit?
Afghanske flyktningar. Dei to tenåringsjentene frå Kabul er strålande nøgde med å få gå på internasjonal skule i Doha, der familiane har fått mellombels opphald.
Alle foto: Håvard Rem
Så langt i reportasjane frå Qatar har det handla om historia til den vesle halvøya og om dei særeigne reglane i det salafistiske emiratet. Denne veka dreier det seg om utlendingane. Fører qatararane ein restriktiv eller liberal innvandringspolitikk? Er det enkelt å sleppa inn i landet? Ynskjer Qatar framande velkomne?
Dei fattigaste og rikaste
Svaret gjev seg sjølv. Qatararane utgjer berre ein tidel av folkesetnaden i sitt eige land. Sjå føre deg eit Noreg der berre 10 prosent er innfødde, men likevel lette å få auga på av di dei går kring i setesdalsbunad alle som éin. Men altså berre éin av ti.
Kven er dei ni andre, dei framande? Høg og låg kjem til Qatar. Afghanske terroristleiarar og vestleg orienterte afghanarar. Arbeidslause nepalarar og britiske fotballmilliardærar. Filippinske hushjelper og Fifa-toppar. Norske gravejournalistar og investeringsviljuge Hydro-leiarar. Kvifor kjem dei? Svaret er: pengar – og alt pengar gjev høve til av luksus, infrastrukturell utvikling og geopolitiske ambisjonar.
Hugs at den tredje største gassproduksjonen i verda går føre seg i eit land med berre 300.000 statsborgarar. Rikdomane er så enorme at dei lokkar til seg både dei fattigaste og dei rikaste i verdssamfunnet. Og nett dei fattigaste og rikaste i Qatar har verdssamfunnet no byrja å setja kritisk søkjeljos på. Utlendingane eg møtte, var for det meste midt på treet.
Heim til jul?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.