Reportasje

Det egentliga Finland

Arja og eg tek toget til Tampere for å forstå oss på den mest kjensleladde og ubegripelege hendinga i finsk historie. Og sanneleg seier eg dykk – Sanna Marin legg ut eit nytt bilete på Instagram.

Eit av slaga under den finske borgarkrigen stod på kyrkjegarden Kalevankangas i Tampere. Fleire gravsteinar har merke etter kuler. Etter krigen oppretta dei kvite ein fangeleir her, og ein av fangane var den 15 år gamle Jussi Hietanen. Han laga monumentet som blei reist i 1941.
Eit av slaga under den finske borgarkrigen stod på kyrkjegarden Kalevankangas i Tampere. Fleire gravsteinar har merke etter kuler. Etter krigen oppretta dei kvite ein fangeleir her, og ein av fangane var den 15 år gamle Jussi Hietanen. Han laga monumentet som blei reist i 1941.
Publisert Sist oppdatert

Det er fyrst når eg dreg ut øyrepluggane, at eg høyrer knatringa på vindauget. Regnet var varsla, men etter solskinsvêret i går hadde eg ei lita von om at vêrmeldingane i Finland skulle vere like ureknelege som i Noreg. Eg reiser meg opp av senga, stavrar stivt over golvet, trekker gardina til sides. Eit gråleg skydekke har lagt seg over Turku. Det plaskar i sølepyttane på parkeringsplassen.

Eg tenker: Det er vel eigentleg dette som er Finland.

Eg har ei kjensle av å ha vore på tur i fleire veker, men så har eg berre vore her i eitt døgn. Ja, i nøyaktig 24 timar. Dagen i går var pakka med innhald og inntrykk, og det å oppleve ein by på sparkesykkel er nok som å vere i amfetaminrus. Alt går rasfort. Til saman køyrde Arja og eg 32 kilometer gjennom Turkus trafikkerte bygater, gjennom fasjonable villastrok, opp langs elva, ned langs elva og heilt ut til dei moderne leilegheitskompleksa i tegl og glas med sjøutsikt og kveldssol. Eg er støl, kjenner eg, og at eg skal bli støl av å stå på ein sparkesykkel, er uventa.

Før eg la meg i går kveld, sette eg Arja til lading, men det viser seg no at taklampa må stå på for at stikkontakten på golvet skal fungere. Batteriet har nesten ikkje straum. Eg slår på lyset, så fjernsynet. På YLE 1 er det Antik Runden, dette danske programmet om antikvitetar, på YLE 2 ein støyande, animert superheltfilm for born. Eg byter igjen kanal, og brått er eg heime i Odda! Der ser eg Thord Paulsen, oddingen som er blitt verdskjend gjennom National Geographics dokumentarserie Vinterveiens helter. Kjenslene er blanda. Det er artig å sjå ein odding på finsk TV, men no skal eg ha finlandsfokus og kan ikkje la meg avleie av havarerte vogntog langs E134 over Haukelifjell.

Tid har eg heller ikkje, eg skal rekke toget til Tampere, eller Tammerfors, som svenskane seier. Nordens største innlandsby med nær 250.000 innbyggjarar, og den mest kjende av dei er vel Sanna Marin. Ja, no bur ho i statsministerbustaden Villa Bjälbo, og det var der, i Helsinki, ho blei fødd ein novemberdag i 1985. Då foreldra skilde lag, flytta ho og mora til Pirkkala, som skal ligge utanfor Tampere. Har ho lagt ut nytt innlegg på Instagram? Nei. Ho er nok på ferie heime hos mødrene sine. Eg må finne ut kor dette Pirkkala ligg.

Eg fekk ikkje kjøpt togbillett i går kveld. Kvar gong eg skulle betale på nettsida til det statlege jarnbaneselskapet, VR, stansa alt opp. Toget går kvart over ni, og eg må til stasjonen for å kjøpe billett. Slikt stressar meg. Alltid. No er ho halv åtte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement