På tomannshand

– Det er ei plikt å vere eit inderleg menneske

– Å lese Søren Kierkegaard er ei sterk støtte, seier Vigdis Hjorth.

– Mykje av livet handlar om å finne ut korleis ein skal bere bagasjen utan å få slitasjeskadar, seier Vigdis Hjorth.
– Mykje av livet handlar om å finne ut korleis ein skal bere bagasjen utan å få slitasjeskadar, seier Vigdis Hjorth.
Publisert

Vigdis Hjorth høyrer til dei forfattarane som skjuler seg i ope lende. Ho synte seg først fram for oss som barnebokforfattar med den prislønte Pelle-Ragnar i den gule gården (1983), som alle foreldre og born, også hennar eigne, kunne ha liggjande framme utan å raudne. Med denne kamuflasjen kunne ho alt året etter i bestseljaren Jørgen + Anne = sant la Anne klippe flettene av rivalen sin i kampen om Jørgens gunst.

I det stille manna ho seg opp til utgjevinga av Fransk åpning, der ho framstiller den seksuelle kontrollfriken Henning som typisk for all verdas mannfolk, noko ho ikkje fekk mykje ros for hos mannlege litteraturkritikarar. Ros fekk ho seinare.

I føredraget med tittelen «Det mannlige blikk» i 2017, framstilte ho grenseryttaren Agnar Mykle med alle hans overdrivingar som representativ for det mannlege kjønnet. Det var ein kommentar til Dag Solstad, som ville setje opp statuar av Mykle på alle jernbanestasjonar i Noreg for at alle dei unge mennene som går av toget, skulle få sjå den mannen som har skildra livet dei skal leve. Vigdis Hjorth meinte at desse statuane ville stå der til skrekk og åtvaring for alle unge kvinner som stig på og av, så dei kan vite at alle menn dei kjem til å møte og elske, vil sjå på dei med det kyniske blikket til slaktaren og venleiksjuryen og aldri oppfatte dei som personar. Det vekte stormande jubel hos publikum på Gyldendals seminar som feira Mykles 100-årsdag med Hjorths veldreidde biletstorm.

Men både barnebøkene og ekstremfeminismen er kamuflasje hos henne. Kvinnene i romanane hennar elskar mennene, med alle lyta deira, det er nesten ei kristen syndstilgjeving i denne erotikken. I Om bare (2010) fortel dramatikaren Ida om den store kjærleiken til litteraturvitaren Arnold i ei drastisk og romantisk forteljing som tek tanken til store kjærleiksromanar frå Goethes Wehrter, Strindbergs En dåres forsvarstale og Torborg Nedreaas’ Av måneskinn gror det ingenting. Her er «mannen» tilgjeven med alle lyte, og «kvinna» er likestilt i all sin lidenskap. Lesaren ser det opplagde, at personlegdomen til den elska alltid er unik, sjølv om han er farga av kjønnet.

Ein kunne seie det same om forfattarinna Vigdis Hjorth: Ho er trass i skiftande forkledningar seg sjølv og liknar ingen andre. Både forfattarskapen og livet hennar spelar seg ut for det offentlege blikket, snart i rolla som forbrukar av kvitvin og musserande raudvin og snart som forbrukar av menn. Ho er berykta for å utlevere levande modellar i romanane sine og for å ha vore i fengsel for promillekøyring, men bakanfor og tvers gjennom dette fargerike ståket går ein prosess av sjølverkjenning som slår ut i store skifte og forvandlingar, frå barnebøker til ungdomsbøker, frå erotiske forteljingar til minelagde familiekrøniker, og bøkene blir betre og betre.

Grunnen til denne stiginga, der dei to siste, Arv og miljø og Er mor død, er førebelse høgdepunkt, er at Vigdis Hjorth lever ut ein individualisme som er farleg for både henne sjølv og andre, men tenleg for forfattarskapen. I det politiske synet sitt er ho nokså konvensjonelt venstreorientert og ikkje spesielt nyskapande. I fjor fylte ho ein av Klassekampens laurdagsutgåver med eit dikt om postverket, lønsspørsmål og nullskatt, der det litterære høgdepunktet var setninga: «Mon Nato er gått ut på dato?» For dette fekk ho saman med medforfattaren Torgeir Rebolledo Pedersen plattform i Dagsnytt 18, der dei to fortalde at dei var for likskap, men mot urettvise. Men, som ho sjølv seier, politikken er ikkje berre for ekspertane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement