Reportasje
Det gode kajakkfriluftslivet i nord
«Det er jo fantastisk å vere turist i eige fylke – og samstundes sjå noko heilt nytt!» Vegard Ulvang er oppglødd. Me er på padletur heilt vest i Finnmark. Me har dei fjellrike fjordane bak oss – og Lopphavet framfor oss.
Loppa har det meste turinteresserte folk kan ønskje seg, skriv Harald Dag Jølle. Her padlar han saman med Vegard Ulvang og Stein P. Aasheim i godt driv over Langfjorden, på veg mot Sør-Tverrfjord.
Foto: Vegard Ulvang
Lytt til artikkelen:
Det stod ein sur vind inn sundet då me sette kajakkane i vatnet ved Øksfjord. Motivasjonen var sånn passe. Det er store avstandar og breie fjordar her lengst nord i landet – og hurtigbåten, frå det som ein gong heitte Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap (FFR), såg ut som ei lita jolle der han spratt innover mot oss.
Den røynde eventyraren Stein P. Aasheim spurde nok ein gong om dette var ein god idé. Han likar betre fjell enn hav. Men Vegard høyrde ikkje etter. No skulle han endeleg gjennomføre ein gamal plan. Han ville rundt Øksfjordhalvøya – frå Loppa til Kvænangen – eit veglaust, men busett stykke Noreg. Eit perfekt vågestykke for ein historieinteressert finnmarking. Det nytta ikkje å trekkje seg no. Det var berre å følgje etter skiløparen ut i dei spinkle farkostane, krumme nakken og padle mot nordausten – og hurtigbåten, som hadde fått nye klistremerke på skutesida.
Men eg har ikkje tatt turen til Loppa for å kritisere at FFR har fått det uforståelege namnet Snelandia. Eg skal heller ikkje raljere over kommunikasjonsavdelinga i Finnmark fylkeskommune, som påstod at ordet kjem «fra latin og betyr arktis eller is-land» – og at det nettopp difor var eit høveleg namn på landets nordlegaste bussar og båtar. Nei, me har kome for å oppleve eit område med noko av det villaste og flottaste landet vårt har å by på. Høge fjell og djupe dalar. Isbrear. Fjordar og øyar. Og sjølvsagt eit usannsynleg godt fiske. For ikkje å gløyme dei mange småstadene der det framleis bur folk.
Ein særeigen fjellheim
Eg fornærmar knapt nokon når eg påstår at Loppa ikkje er ein sentral plass i dagens infrastruktur. Rett nok har kommunesenteret Øksfjord både hurtigruteanløp og hurtigbåtsamband med Alta og Hammerfest. Det går buss til Alta ein gong om dagen, og ein køyrer til Tromsø på gode fem timar. Men berre 483 av kommunens 858 registrerte innbyggjarar bur i tettstaden Øksfjord. Resten har folkeregistrerte adresser spreidde omkring i det store fjordriket. Dei bur på stader det aldri kjem verken tunellar, bruer eller vegar, på stader der nerven i busetjinga er Snelandias ferje- og hurtigbåttilbod – så lenge sistnemnde har ein budsjettpost att hjå den nye fylkeskommunen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.