Det grøne takskiftet
Vel, du undrast kvifor taket mitt er grønt?
Å velja eit svart tak ville vore lett. For lett. Berre dei mest uredde av oss kler oss i grønt, skriv May Linn Clement.
FOTO: Eric Clement
Det heile byrja i juni. Me skulle skifta eit rote bord i mønet, og me sette opp stillas for å koma til. Då eg klatra opp, fann eg at også rennebordet, altså bordet takrenna er festa i, var rote. For å få dette bordet av måtte takrenna demonterast. Det var ikkje berre lett, då plata som fører vatnet ned i renna, og som dessutan hadde byrja å rusta, var montert på undersida av ståltaket. Difor måtte det 30 år gamle ståltaket, som òg hadde byrja å rusta, skruast opp.
Denne lange rekkja med fylgjefeil av rust og rote vart for mykje for meg. Eg tok nokre nærbilete av tak og renne og køyrde til den næraste trevarehandlaren. Det gjekk mot eit takskifte.
– Taket på huset er som kjølen på båten. Er ikkje det i orden, hjelper det lite kor fint resten er, sa den røynde tømraren.
Å gå for takstein som skifer, betong eller tegl, vart snart uaktuelt. Tømraren var usikker på om konstruksjonen i huset ville klara tyngda.
Etter at taket vart heva i 1962, vart det fyrst lagt shingel, eller takpapp, på toppen. Etter om lag 30 år vart han bytt ut med ståltaket eg no skal skifta. Begge er lette tak, og det er nok eit lett tak eg vert råda til å velja: takpanner i stål.
Utstilt i butikken har dei variantar i svart, raudt, brunt og grått. Med ru overflate, som skal likna betongstein, og med blank overflate, som skal likna glasert teglstein.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.