Reportasje
Det kjende i det ukjende
Er det lettare å landa på ein ny stad om eg finn knaggar å hengja livet mitt på?
Illustrasjon: May Linn Clement
Kven bur slik, tenkjer eg medan eg sit på bussen inn mot Dale i Sunnfjord. Ute er det mest landskap, fjell og skog, og eitt og anna hus utan nære naboar.
– Der bur syskenbarnet mitt, seier bussjåføren, og eg lurer på om eg kom i skade for å seia noko høgt.
Eg er den einaste passasjeren i dag, har sete meg like bak sjåføren, Jostein, og får såleis ein guida tur heile den dryge timen det tek å køyra frå Rysjedalsvika kai til selve Dale – ei nemning som heng att frå glanstida då byfolk flytta hit for å arbeida på skofabrikken A/S Jarl.
– Der bur eit anna syskenbarn av meg, seier Jostein nokre minutt etter det fyrste, men når me passerer det tredje syskenbarnet på ruta, seier han at no har han ikkje fleire syskenbarn på dette strekket.
– Kva skal du i Dale, då, spør han, og eg fortel at eg skal til Jakob Sande-senter for forteljekunst og bu og skriva i barndomsheimen til diktaren i to veker.
– To veker i Dale? Håpar du finn noko å skriva om!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.