Dyr

Dialektfuglen raudvengtrast

Sannsynet for at du møter på raudvengtrastar i år, er stort.

Ein del av den raude flekken raudvengtrasten ber under vengja, er synleg når han set stille. Han har også ei markert lys stripe over augo og er Noregs minste trast. Desse kjenneteikna skil han frå måltrasten, som han kan likne på.
Ein del av den raude flekken raudvengtrasten ber under vengja, er synleg når han set stille. Han har også ei markert lys stripe over augo og er Noregs minste trast. Desse kjenneteikna skil han frå måltrasten, som han kan likne på.
Publisert

Dersom det finst éin songfugl folk i Noreg har uvanleg god føresetnad for å skjøne, så er det denne, tenkjer eg ofte: raudvengtrasten. Men det er nok ikkje den ein fyrst kjem på når det vert tale om trast, sjølv om han hekkar talrikt i landet. Blant trastane har svarttrast og måltrast fått større plass i fellesmedvitet.

Raudvengtrasten syng ikkje like påfallande fint i menneskeøyra, men han er ein utprega dialektfugl, og eg kan ikkje la vere å tenkje at mykje av den finurlege forskinga på arten, som hadde sitt høgdepunkt i 1970- og 1980-åra, berre kunne sjå dagens lys i dialektlandet Noreg. Og tru om 2020-åra kan danne utgangspunkt for nye innsikter i omfanget av målføra hjå raudvengtrasten?

Hekkeområdet til raudvengtrasten er nordisk, frå Island i vest til Nord-Sibir i aust. Om hausten dreg dei fleste individa sørover. Under trekket, som byrjar i september, flyg dei i dei mørke timane, ofte i lag med gråtrast og måltrast. Dei held kontakt med kvarandre med eigne trasterop – metalliske siiiiir-lydar som får nattehimmelen til å kime.

Overvintringsområda for raudvengtrasten inkluderer Dei britiske øyane, mykje av det europeiske kontinentet og ei smal stripe i Nordvest-Afrika.

Sjølv om han vert talrik om våren, er det lettare å overhøyre raudvengen enn svart- eller måltrasten, mellom anna av di han syng kortare og mykje meir stereotype songar: Eitt individ held seg som regel til éin kort melodi eller eit par melodiar gjennom heile hekkesesongen, og syng dette med mellomrom, med høgdepunkt i kveldinga og i daggryet.

Særleg tidleg i sesongen, ofte når hannar utfordrar kvarandre, vert denne strofa følgd av eit intenst og komplekst, men lågmælt «trasteskvalder». I Frankrike er raudvengtrasten eit vintersyn og såleis ein taus skikkelse. Dei fyrste vårane her nord lærte eg meg songen hans takk vere denne skildringa eg hadde lese ein stad: «Fuglen fortel ein vits (den stereotype strofa) og ler av han (det raske trasteskvalderet).» Snart skulle eg verte kjend med han som «fuglen med mange dialektar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement