Kunnskap
Dr. Ibsen viste veg
Intensivmedisin oppstod for 70 år sidan under ein dramatisk epidemi i København.
Ibsen organiserte arbeidet slik at det vart gjennomførleg å gje opptil 70 pasientar pustehjelp samstundes.
Foto: Medicinsk Museion, Københavns Universitet
Ein dag i august 1952 vart tolv år gamle Vivi innlagd i Blegdamshospitalet med polio. Kort tid etter innsjuking var ho blitt svak i alle musklar og tungpusten. Ho var høgfebril, gispa etter luft og var nær ved å verta kvelt av slimet frå luftvegane, huda var blåleg og klam. Lækjarane oppfatta henne som døyande, og Vivi var på veg til å bli ein del av den dystre statistikken med 90 prosent mortalitet.
Heldigvis var ein rutinert og pågåande narkoselækjar, Bjørn Ibsen, tilgjengeleg. Raskt fekk han lagt ein slange ned i luftrøyret og blåst luft i lungene hennar. Ho endra utsjånad med det same; huda vart varm, turr og rosa – «ein tilstand som alltid gjer narkoselækjaren glad», fortalde Ibsen. Vivi overlevde mot alle odds.
Polioepidemien som heimsøkte København det året, var intens og skremmande. Sjukdomen var ekstremt smittsam og råka ofte born. Mange av pasientane døydde eller fekk varige mein. Dette var tre år før vaksinane kom. Folk forstod med det same at isolasjon og handvask var viktige tiltak.
Etter berre nokre veker kom det kring femti pasientar til hospitalet kvar einaste dag, mange av desse var born med alvorlege pusteproblem. Lækjarane hadde lite og inkje å stilla opp mot polioviruset og mot pusteproblema. Sjukehuset hadde éi jarnlunge. Ho kunne nyttast ved lette pusteproblem, men hadde minimal effekt hjå desse pasientane. Dessutan strøymde pasientane inn på sjukehuset i hopetal.
Kunne dei organisera effektiv pustehjelp for alle desse?
Lækjarane var tvilande. Dei rekna med at polioviruset hadde øydelagt delar av hjernen hjå dei sjukaste, og at naturen berre måtte gå sin gang. Ein av dei rådførte seg likevel med kollega Ibsen som hadde røynsle med å sikra frie luftvegar og god pustefunksjon hjå operasjonspasientar. Han var meir optimistisk og meinte at pustevanskane kunne vera forbigåande om pasientane berre fekk hjelp i akuttfasen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.