Drama i siste akt

Ja! Me er her! Me er framme! Historia om å fylgje Eivind Astrups spor til Navy Cliff – med verdas lengste retur – er ferdigskriven.

Polarhelten Eivind Astrup – og lagnaden hans – har vore det store samtaleemnet undervegs.
Polarhelten Eivind Astrup – og lagnaden hans – har vore det store samtaleemnet undervegs.
Publisert

Tre skjeggete menn klemmer kvarandre. Eg kjenner ei tåre bak solbrillene. Eg er glad, letta og takksam. Glad for at me er ferdige med ein slitsam tur. Letta for me har kome levande fram. Og takksam for at me er framme som betre vener enn då me starta. Ingen av delane er sjølvsagde på polarekspedisjonar.

Me har kome ned til ein av fjordane like ved den vesle bygda Isortoq på søraustkysten av Grønland. Me har god tid. Eg slår på datamaskinen for å publisere eit siste blogginnlegg. Eg skriv om den tunge sisteetappen, der me ikkje kunne segle, men måtte trekkje pulkane sjølve. Eg skriv at me er nøgde med at alt har gått så bra på denne lange turen. Så takkar me blogglesarane for turen – og loggar av. Vegard serverer ein Gammel Dansk, og Ronny finn fram litt marsipansjokolade.

Deretter går me ut og ventar på båtskyss.

Bodbringaren

Eg set meg tungt ned i den blaute snøen, støttar ryggen mot pulken og finn fram kikkerten. Det ligg ein del isflak i bukta nedfor oss. Tida går. Og me speidar og speidar. Me slår ein spøk om at klokka på Grønland ikkje nødvendigvis går heilt presist. Vegard går ein tur på ein liten topp for å få betre oversyn, men det er framleis ingen båt å sjå. Det vil seie, me ser eit par småbåtar lang der ute, som etter smella å døme er ute på seljakt.

To timar seinare kjem det plutseleg ein ung gut gåande ned bak oss. Kor i allverda kom han ifrå? Han er kanskje seksten år gamal, kledd i treningsbukse, T-skjorte og ei tynn dunjakke. På føtene har han nokre svære gummistøvlar. Han snakkar lite dansk, men han kan nok engelsk til å forklare oss at dei ikkje kjem gjennom isen med båtane. Han har difor hoppa frå isflak til isflak til land, og så gått ein to timars tur over fjellet for å gje oss denne meldinga. Den einaste løysinga for å kome ut herifrå, seier han, er å gå opp eit stort brefall og ned att lenger ute i fjorden. Ronny, Vegard og eg ser på kvarandre. Og så ser me på den unge guten med dei svære gummistøvlane. Brefallet – som lyser blått og sprekkfullt mot oss – er ikkje nokon spøk. Absolutt ikkje. Vakkert å sjå på, men ikkje særleg freistande å rote rundt i med seks pulkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement