Reportasje

Dramaet på Nordaust-Grønland

Eg har vore på Grønland og opplevd store ting. Faktisk meir enn eg var klar over.

Det tok litt tid før den store grønlandskvalen dukka opp. Men me nytta tida godt og fann mykje narkval. Her merker Christian Lydersen ein av dei med ein GPS-sendar.
Det tok litt tid før den store grønlandskvalen dukka opp. Men me nytta tida godt og fann mykje narkval. Her merker Christian Lydersen ein av dei med ein GPS-sendar.
Publisert Sist oppdatert

Me er på 79 grader nord, heilt inne i fjøresteinane på kysten av Aust-Grønland. Eg sit i ei open helikopterdør. Det einaste som skil meg frå det arktiske vatnet under oss, er Christian Lydersen – som heng ut av helikopteret med eit kjempestort lufttrykksvåpen og siktar på ein 100 tonn tung grønlandskval.

Eg har fått verdas beste sommarjobb, eg er klar over det. Eg er kvalforskarassistent for Christian Lydersen og Kit Kovacs frå Norsk Polarinstitutt, eit særeige forskar­ektepar som studerer alt som er stort og sym i kaldt vatn. No leitar dei etter grønlandskvalen, verdas nest største skapning, ei saktesymjande kjempe som kan bli over 200 år gamal.

Nærast utrydda

Det var denne kvalen som fylte fjordane på Spitsbergen, og som britiske og hollandske kvalfangarar nærast utrydda i jakta på rikdomar på 1600- og 1700-talet.

Lenge var folk overtydde om at spitsbergenstamma av denne kvalarten, som lever mellom Grønland og Frans Josefs land, vart utrydda. Frå siste verdskrigen til 1980 vart han berre observert tre gonger. Seinare har forskarane funne ut at han likevel hadde klart seg. Men ein må langt inn i isen for å finne han. Sannsynlegvis var det dei med størst dragning mot is som overlevde den brutale jakta på oljeressursar.

Eg kunne skrive mykje om dette fasinerande dyret. Til dømes kunne eg nytta Christian Lydersens bilete for å vise kor stor han faktisk er: Ein vaksen isbjørn er omtrent like stor som ein halv testikkel på grønlandskvalen. Men denne artikkelen handlar ikkje først om fremst om kvalen og lagnaden hans, men om kva som kan hende når ein historikar reiser ut i felt utan å ha gjort heimeleksa si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement