Reportasje
Du er fjellstova mi
HJERKINN: Dovrefjell er symbol på norsk semje, men for å samla landet har statsforvaltinga i tusen år sytt for varmestover i fjellheimen. På Hjerkinn er eg einaste gjesten, og vertskapet er polsk.
Magdalena Wozniak og Jakub Wojdyga frå Warszawa i Polen driv heilårsfjellstove på Hjerkinn.
Alle foto: Håvard Rem
Det er kveld når eg går av toget på Hjerkinn, den audaste og høgstliggjande stasjonen på Dovrebanen. Ingen møtte fram og ingen gjekk på. Med ljos i glasa og travle bord i kafévogna forsvinn toget i ei kurve nordover. Berre eg gjekk av. Med ein sekk på ryggen står eg på perrongen i høgfjellet, mellom snødekte fjellsider i vest og vidder i aust.
På eit skilt står det: Högd o. Havet 1016,99. På Bergensbanen ligg Finse (1222 moh.) høgare, for no ikkje å nemna Tibetbanen og stasjonane Na Qu (4513 moh.) og Tangula (5068 moh.). Men det var ikkje så kaldt på perrongane der. Kom ein til Hjerkinn om vinteren, berga ein livet berre om ein såg ljos frå ei varm fjellstove. Og det ser eg.
For høg og låg
Før har Hjerkinn vore målet, men denne gongen byrjar ferda her. Eg skal fara gjennom Langfjella, frå Dovrefjell i nord mot Setesdalsheiane i sør. Ikkje til fots. Somme gjer det òg, nær 800 kilometer på ein dryg månad, frå Hjerkinn til Sirdal. Føtene vert nytta i lag med sykkel og bil, buss og tog.
Berre om ein er særs nostalgisk til sinns, treng ein vera fjellklatrar eller polfarar for å ferdast i Langfjella. Tusenår med slit i Dovrefjell enda nøyaktig her for nøyaktig hundre år sidan. Då kom kong Haakon til Hjerkinn for å opna Dovrebanen. Førti kongar hadde vore på Hjerkinn før han. Nokre dronningar òg. Men det var før jarnbanen. Ei av dei var så skremd av ferda over Dovrefjell at ho etter seremonien i Nidarosdomen valde å koma seg til hovudstaden att med skip, som heller ikkje var trygt, og tok tid.
Langfjella har no i hundre år vore for alle. Rørslehemma kjem seg opp på høge tindar i himmelheisar, skylifts, gondol- og kabelbanar i Loen og Åndalsnes, Stranda og Voss, Gausta og Rjukan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.