Reportasje

Du skal ikkje tru at du er noko

Det er ikkje lett å busette 130 kriminelle innvandrarar. Iallfall ikkje i Danmark.

Rudkøping ligg i Utkant-Danmark og er trua av fråflytting, og mange hus forfell – noko dette biletet ikkje er eit godt døme på. Alle foto: Hallgeir Opedal
Rudkøping ligg i Utkant-Danmark og er trua av fråflytting, og mange hus forfell – noko dette biletet ikkje er eit godt døme på. Alle foto: Hallgeir Opedal
Publisert Sist oppdatert

Veka før eg reiste til Danmark, var eg som snarast innom Kaffistova i Oslo, der eg tilfeldig trefte på ein tidlegare forlagsredaktør i Aschehoug. Ja, eg kan no like gjerne fortelje kven: gladguten Trygve Åslund frå Hunndalen.

Under praten fekk eg no fram at eg skulle på sykkeltur, og ved eit treff hadde eg reiseruta i baklomma, og han leita fram brillene, bretta ut kartet, brumla anerkjennande og sa så:

– Du skal til Nykøbing, ja.

– Ja?

– Det er heimbyen til Aksel Sandemose.

– Er det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement