Sport
Effektive og mindre nyttige maskinar
Booty Builderen kom då stor rumpe vart på moten. At Kardashians kjøpte maskinen, gjorde han ikkje mindre populær.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB
Det finst enormt med treningsmaskinar. Nokre laga til så små musklar at dei er nærast ubrukelege på eit vanleg treningsstudio. For noko ein lærer tideleg på idrettsfag, er at det gjeld å aktivisere dei store muskelgruppene dersom ein vil ha ei effektiv økt. Viss ein er frisk og ikkje driv med rehabilitering, er maskinar som låser av ledd og ikkje krev noka form for stabilisering eller energibruk, ikkje noko å satse på.
Ei interessant norsk oppfinning som har blitt verdskjend dei siste åra, er Booty Builderen til Håkon Larsen. Maskinen går ut på at du vippar hofta opp og ned mens du har eit belte på deg som gjev motstand. Fordelen med maskinen er at du kan legge på meir vekt enn dersom du skulle gjort øvinga manuelt, og treninga blir difor meir effektiv. Og den vidare fordelen er større rumpe.
1800-talets svar på Booty Builderen finst ikkje, sjølv om den svenske legen Gustav Zander den gong fann opp heile 60 ulike treningsmaskinar. Det er ikkje så lett å sjå ut frå bileta kva slags effekt alle dei rare konstruksjonane med lêrreimer og tannhjul skal gi, men utgangspunktet for oppfinningane var rehabiliteringa av skadar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.