Kultur

Eg elskar ungdomshus

For å verta ein god vaksen trengst ein god plass å vera ung.

Publisert

Det luktar kaffi i gangen, formkakene står oppstilte på disken i tilbygget. Eg er tolv år, og det verkar som «alle» er her. Og det er dei jo på mange måtar, all den tid dette er dei einaste som tel i den verda eg enno har. Nervane kjem når eg trekkjer på meg dokka på armen og me går bak forhenget for å framføra det sjølvlaga dokketeaterstykket Den stengde hagen.

Etterpå skal alle skryta av oss, inkludert lokalavisa, og det finst ingen kulare stad på jorda enn Lidarende samfunnshus. Eller ungdomshus, som det heitte då det vart bygd i 1924. For det var ungdomslaga som bygde husa, eit lag av ungdom. Serviset var merkt med U.L. Samhald, og eg stussa alltid på at U.L. stod for Ungdomslaget, då det med mine auge ikkje var ein einaste ungdom involvert i drifta av Lidarende, berre foreldra mine og andre på deira alder, synleg godt vaksne folk.

Lidarende har alltid sett heilt likt ut. Det er ikkje før no eg tenkjer over at det moderne tilbygget er nydeleg integrert med det opphavlege bygget. Det vart teikna av den lokale arkitekten Alv Martin Vangdal i 1979 og oppført av tømrarlinja på yrkesskulen i Norheimsund i 1980. Då var eg tre år gamal, og eg var nesten garantert med foreldra mine på opninga av tilbygget.

Naboen vår i Homlagarden laga dei fine keramikklampane som heng frå den høge himlingen som på same tid ser 70-talsmoderne ut som ei forlenging av stilen inne i hovudsalen. Noko anna som alltid fascinerte meg, var at det var ikkje berre to toalett, men tre: ein med WC Damer, ein med WC Herrar, men også ein med breiare dør og med bokstavane HC på. Denne overdimensjonerte doen, som nesten aldri var i bruk, hadde òg plass til vaskeutstyr og dopapirlager, så utforminga fungerte universelt, sjølv i ei tid då ein ikkje var pålagd universell utforming. Eg blir imponert av vidsynet og framsynet på Lidarende i 1979.

Basar, bingo, åresal, marknad, haustfest, revy, bokkveld, kunstutstillingar og ørten 4H-samlingar. «Eg lovar å arbeida mot det mål å verta ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse.» Eg lovar å hugsa på å vera takknemleg for 4H og slenga ein tanke tilbake til øvingar og omkledningar, Liv Marit og Hildegunn og dei andre som gjorde at me fekk testa eigne evner og utvikla ein sped start for kulturinteresse. Eg lovar å snikdrikka meg full bak Lidarende etter at eg er konfirmert og skal på dans.

Eg har tenkt at ein av grunnane til at ungdomshusa vart bygde, som det ukristne motstykket til bedehusa som dei var, måtte vera at ein skulle på fest der, fest som involverte alkohol. Men sjå – ein av føremålsparagrafane var fråhaldssaka. «Sjølvsagt kan ein ikkje sjå burt frå dei negative sidene som følgde med det festlivet som føregjekk i desse husa og som enno er eit problem for mange ungdomslag», meinte Knut Lauvrud i boka Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Noreg (1986). Å, som eg saknar dans på Lidarende.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement