– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

Edy Poppy debuterte som romanforfattar i 2005 og kjem med ein ny roman i vår.

Litteratur

Publisert

– Å vere eit skrivande menneske gjer meg modigare. Om eg krasjar, så er skrifta der til å ta imot meg.

Edy Poppy ser litt til venstre når ho snakkar, og så ser ho ein god del rett på meg. Når ho gestikulerer, lagar kjøkkenbordet hennar ein låg dumpelyd. Ein alarm ringer på telefonen hennar, og når ho går for å skru han av, klakkar skoa mot parketten – slangemønstrete låge hælar. Brunt skinnskjørt, ei skjorte med hestetrykk, ei tjukk gullkjede rundt halsen, og det blonde håret hennar over ei av skuldrene. Edy er full av stil, full av noko eige.

Sidan den litterære debuten i 2005 har ho vore ei uredd røyst. Debutboka Anatomi. Monotoni vart raskt omsett og publisert i fleire land. Som i dei andre bøkene sine legg Poppy seg også no tett opp mot eige liv og skriv seg fri frå kjønnsbestemte konvensjonar og retningsliner for kven ein skal vere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement