Reportasje
Ei ark av gull
LUSAIL: I dag fer eg til framtidsbyen Lusail for å sjå stadionet der finalekampen i fotball-VM vert spela i desember – inshallah. Byen er berre halvferdig.
Strandpromenaden Corniche i Doha vert rehabilitert til fotball-VM. I bakgrunnen skyskraparane i West Bay.
Alle foto: Håvard Rem
På metroen i Qatar er Lusail den nordlege endestasjonen på hovudlina. Ho byrjar i sør, i lufthamna og i Al Wakra, det sørlegaste av dei åtte fotballstadiona Qatar byggjer til fotball-VM, før ho går gjennom hovudstaden Doha, vidare til Qatars universitetsby, og endar i Lusail.
Den nye metroen har eg nytta mange gonger, så i dag vil eg gjera meg kjend med den nye trikken. Eit rutekart syner at han går rakt til finalearenaen Lusail Iconic Stadium, der trikkehaldeplassen heiter 2022 – som om haldeplassen til 17- og 18-trikken ved Bislett i Oslo skulle hatt namnet 1952, etter året Bislett stadion var OL-arena.
Trikken her er like imponerande og futuristisk som metroen. Kvar stasjon er som eit monumentalt og kunstnarleg forretningssenter i stål og glas, enkelt å finna fram i av di det er utan forstyrrande reklame, berre opplysingsskilt som åtvarar mot å setja slepet på dei lange kjortlane fast i dei automatiske vogndørene.
Med skinande rulletrapper og enorm høgd under taket liknar stasjonane ei framtidsutgåve av metrostasjonane Stalin bygde i Moskva i 1930-åra. Alt har ein tenkt på. I familievognene er kvart fjerde sete stuttare, med fotskammel – dei er for born. Alle nyttar metroen, unge og gamle, qatararar og utlendingar. Ein billett kostar fem kroner.
To billionar
Det er tolv år sidan Qatar vart tildelt fotball-VM 2022, framom nasa på USA, og no er det ni månader til avspark. Metroen og trikken er ein del av den infrastrukturelle opprustinga av vertslandet. Summen Qatar nyttar på den månadlange meisterskapen, frårekna smøringa av rike Fifa-toppar og fattige Fifa-land som ikkje røysta på USA, er to billionar kroner – norske kroner og norske billionar, ikkje amerikanske. Det er ein halv billion meir enn eit norsk statsbudsjett. Det er sju millionar kroner per qatarsk statsborgar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.