Ei mørkare joleforteljing
Joleforteljinga finst berre éin stad i Bibelen, hjå Lukas, men utanfor Bibelen finst ein versjon, minst like gamal, men mørkare, ikkje om fred på jorda, men om krig.
Mellom Forum Romanum og Colosseum i Roma står Titusbogen, reist kring år 71, med relieff frå triumftoget etter sigeren i den romersk-jødiske krigen. Fotografiet syner eit relieff der romerske soldatar ber krigsbytte, som den sjuarma ljosestaken frå tempelet i Jerusalem i Judea. Ein annan versjon av denne artikkelen er i år prenta i joleheftet «I de dager».
Wikimedia
Freder hovudbodskapen i jola. Fred på jorda! lydde det frå «ein stor himmelhær» som song for gjetarane på betlehemsmarkene den fyrste jolekvelden, i Evangeliet etter Lukas: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!» Likeins i songen «Glade jol», så globalt kjend at han er med på verdsarvlista til Unesco: «Fred på jord, frygd på jord.»
Fredsynske kan lyda sterkast i krigsområde. Den pastorale joleforteljinga kjem frå eit av dei blodigaste områda på jorda. Frå bronsealderen til i dag har det vore nær samanhengande krig der. Det er krig der no òg. Det vesle området har alltid vore ein omstridd ferdsleveg mellom verdsdelar, ein møtestad mellom kontinentalplater, geopolitisk og geologisk ustabil.
Ei mørkare kjelde
Joleforteljinga er av dei mest kjende forteljingane i verda, men i Bibelen er Lukas einaste kjelda. Joleforteljingar finst i seinare kjelder, i apokryfe evangelium og i Koranen, men finst ingen andre versjonar frå samtida? Jau, i bøkene til den jødisk-romerske historikaren Josefus.
Han vart fødd i Jerusalem i ca. år 37 e.Kr. og døydde kring år 100, etter å ha budd mange år i Roma. Av litteratur skriven i det fyrste hundreåret er dei to hovudverka hans utan samanlikning den viktigaste utanombibelske kjelda til kunnskap om samtida til Jesus.
Boka Den jødiske krig (Krig) skreiv Josefus i 70-åra. Der skildrar han den fyrste romersk-jødiske krigen, som gjekk føre seg mellom 66 og 73 e.Kr., og som enda med øydelegginga av Jerusalem og tempelet. Boka Den jødiske oldtid (Oldtid) skreiv han i 90-åra. Ho handlar om tida før Krig, om historia til jødane frå skapinga til krigsutbrotet i 66 e.Kr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.